Royal Flying Doctor Service of Australia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Ein Beechcraft Syp King Air tilhøyrande RFDS på ei avsidesliggande flystripe

Royal Flying Doctor Service of Australia (RFDS), vanlegvis kjend som The Flying Doctors, er ein organisasjon som tilbyr luftambulanse- og legetenester til avsidesliggande område i Australia.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Flying Doctore vart oppretta som ein ideell organisasjon. Den yter både umiddelbar hjelp og primære helsetenester til folk som elles ikkje har tilgjenge til slike tenester på grunn av boavstand og isolert plassering i det indre av Australia. Flying Doctor sin assisterer òg med fjernundervisning over radio.

Organisasjonen går attende til 1928, i eit eksperiment kalla Aerial Medical Service (AMS) i Queensland av ein presbyteriansk misjonær ved namn John Flynn. Han starta verksemda ved hjelp av innsamla middel og ein de Havilland DH.50, som vart stilt til rådighet frå Qantas.

I den første tida vart det gjennomførd om lag 50 flygninger årleg. Det var den første verkelege luftambulansen i verda. I åra som kom, med Den store depresjonen, var AMS heilt og halden avhengig av innsamla middel og gåver, men etterkvart løyvde òg delstatsregjeringane og Australias føderale regjering midlar til verksemda.

Etter dei vellukka første åra i Queensland og den merksemda som organisasjonen fekk, vart det etterkvart etablert verksemder i alle Australias delstatar og i 1936 vart organisasjonen formelt etablert som ein føderal verksemd. I 1942 vart namnet Flying Doctor Service teke i bruk, og i 1955 vart Royal lagt til i namnet.

Fram til 1960-talet vart oppdraga utført med innleidde fly, pilotar og mekanikarar, men frå kunne Flying Doctor sin skaffa eigne fly med eigne pilotar og mekanikarar.

Flying Doctor i dag[endre | endre wikiteksten]

Vegskilt som indikerer at vegen brukast av RFDS som start- og landingsbane.

Sjølv om verksemda no i det store og heile er offentleg finansiert, er den framleis avhengig av private bidrag og held såleis vedlike den opphavlege modellen som vart etablert av grunnleggjaren, John Flynn.

Verksemda omfattar:

  • førstehjelp på staden
  • trygg transport til hospital, viss naudsynt
  • råd og hjelp til fjerntliggande område via satellitt-telefon og transportabelt videoutstyr.
  • transport av allmenpraktiker til regulære besøk til helsestasjonar, vanlegvis ein inspeksjonrunde som omfattar fleire fjerntliggande område og busetnader.
  • bistand, råd og hjelp via radio til andre lækjer i dei tynt folkesette og avsidesliggande område over heile Australia.
  • transport av pasientar frå eit hospital til eit anna.
  • samarbeid med School of the Air

Flyene[endre | endre wikiteksten]

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Australsk-bygde DH.50

Verksemda starta med ein dei Havilland DH 50, og seinare er bl a. desse vorte brukt:

Flåten i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2007 nytta Flying Doctor sin anten Pilatus Pc-12 eller Beechcraft King Air 200-serien. Innredningen i desse flya kunne variera, men ein typisk innredning omfatta plass til to sjukepassarar (eller sitjande pasientar) og to bårar. I 2008 hadde organisasjonen om lag 60 fly utplassert på basar over heile Australia.

Begge flytypane har trykk-kabin, noko som er av stor tyding ved transport av pasientar med lunge- eller pusteproblemer eller pasientar som er sensitive overfor forandringar i lufttrykket.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Royal Flying Doctor Service Central Hovedkvarteri Alice Springs

Organisasjonen er delt i fire «seksjonar», kvar med fire eller fem basar der flya er stasjonert:

  • Central Operations - Dekker Australias indre område
  • South East - New South Wales og dei søraustlege områda, Launceston
  • Queensland – Queensland og østkysten
  • Western Operations – Perth Vest-Australia

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Minnestein for RFDS-pilot og -sjukepleier, Robin Millar Dicks, kalla "Sugarbird Lady" ved Jandakot Airport

Opplysningar frå RFDS-årsrapport frå 2005 viser følgjande aktivitet:

  • 53 491 km floge distanse.
  • 159 landingar
  • 643 pasientar
  • 91 transportar til hospital
  • 202 legeråd gjeven over telefon
  • 495 tilsette i heildagsstilling
  • 145 deltidsansatte

School of the Air[endre | endre wikiteksten]

School of the Air, som gjev undervising over radio til elevar på fjerntliggande farmar brukte inntil nyles4g Flying Radioutstyret til doctor og frekvensar. Med innføring av Internett er det ikkje lengre behov for dette samarbeidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]