Rudolf Diesel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rudolf Diesel

FøddRudolf Christian Karl Diesel
18. mars 1858
Paris
Død30. september 1913
Den engelske kanalen
NasjonalitetKongedømet Bayern
Områdeingeniør
Yrkeoppfinnar, gründer, ingeniør, esperantist
InstitusjonarSulzer AG
MAN
Alma materTechnische Universität München
Ludwig-Maximilians-Universität München
DoktorgradsrettleiarCarl von Linde
EktefelleLouise Martha Diesel
BarnEugen Diesel, Hedwig von Schmidt
MedlemVerein Deutscher Ingenieure
Rudolf Diesel i 1883.

Rudolf Christian Karl Diesel (18. mars 185829. september 1913) var ein tysk ingeniør og oppfinnar. Diesel er kjend for oppfinninga av dieselmotoren.[1] Drivstoffet diesel er oppkalla etter han.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Diesel vart fødd i Paris i Frankrike. Foreldra var tyske innvandrarar som stamma frå Bayern. Omstenda kring korleis han døydde er uklåre. Diesel forsvann frå postbåten «Dresden» under ei overfart frå Antwerpen til Harwich.

Diesel hadde si utdanning frå Königlich Bayerische Technische Hochschule München, den polytekniske høgskulen i München. Etter utdanninga byrja han å arbeida med kjøleskap, men fekk mest interesse for forbrenningsmotorar.

Oppfinninga[endre | endre wikiteksten]

Diesel er kjend for dieselmotoren som han fekk to patent på i 1893, med forbrenningskammer i ein sylinder. Fram til vart motoren vidareutvikla og sett i produksjon. Før han fekk motoren produksjonsklar vart Diesel nesten drepen, då ein motor eksploderte.[2]

Dieselmotoren skilde seg frå andre forbrenningsmotorar ved at kompresjonen, og difor temperaturen i brennkammret, var så høg at drivstoffet sjølvtente når det vart sprøyta inn. Det var difor ikkje bruk for tennplugg eller glødehovud. Namnet han sjølv brukte på denne motoren var oljemotor, og modellen han synte fram på verdsutstillinga i Paris i 1900 brukte peanøttolje som drivstoff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rudolf Diesel» (på engelsk). Britannica. Henta 25. februar 2023. 
  2. «Rudolf Diesel» (på engelsk). Massachusetts Institute of Technology. Henta 25. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rudolf Diesel