Rudolf Steiner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Steiner fotografert kring 1905
Det noverande Goetheanum i Dornach, bygd i 1928. Etter antroposofisk meining har arkitektur og fargebruk stor innverknad på mennesket, og så langt råd er vert bygningar for til dømes steinerskular og steinerbarnehagar bygde etter særlege antroposofiske prinsipp.
Den fyrste bygningen for Goetheanum.

Rudolf Joseph Lorenz Steiner (25. februar 186130. mars 1925)[1] var ein austerrkisk tenkjar, pedagogisk teoretikar, forfattar og føredragshaldar, vidgjeten for å ha utvikla ei lære, antroposofien, om menneskets individuelle åndelege kosmiske tilknytting og stegvise åndelege utvikling i sitt jordiske liv. På grunnlag av dette menneskesynet etablerte han den pedagogikken som går under nemninga steinerpedagogikk eller waldorfpedagogikk.

Rudolf Steiner kom til verda i den vesle byen Donji Kraljevec i regionen Međimurje i det området som no er nordaustre Kroatia, men som då var ein part av Austerrike-Ungarn; han hadde austerrikske foreldre og var tyskspråkleg. Han døydde i Dornach i nærleiken av Basel i Sveits, der han hadde skipa eit sentrum for den antroposofiske rørsla. Dette senteret hadde han kalla Goetheanum etter Johann Wolfgang von Goethe, som var og framleis er særs viktig i antropologisk og steinerpedagogisk samanhang.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I offisielle dokument er fødedagen sett til 27. februar 1861, men Rudolf Steiner har skrive i eit handskrift at han vart fødd 25. februar og døypt to dagar seinare: «Meine Geburt fällt auf den 25. Februar 1861. Zwei Tage später wurde ich getauft.» Desse opplysningane er dokumenterte i Beiträge zur Rudolf-Steiner-Gesamtaufgabe, Heft 49/50.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]