Rune Gustafsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rune Gustafsson
65654 Down Town jazzklubb.jpg
Rune Gustafsson, Red Mitchell og Egil «Bop» Johansen opptrer på jazzklubben Down Town i Oslo i 1972.

Foto: Ørsted, Henrik / Oslo Museum

Fødd25. august 1933
FødestadGöteborg
Død15. juni 2012
DødsstadStockholm
FødenamnRune Urban Gustafsson
OpphavSverige
Sjangerjazz
Instrumentgitar
Verka somkomponist, jazzmusikar, jazzgitarist, filmmusikkomponist

Rune Urban Gustafsson (25. august 193315. juni 2012)[1] var ein svensk jazzmusikar frå Göteborg. Han spela gitar og var komponist, kjend for musikken til filmen Mannen som slutade röka frå 1972; Släpp fångarne loss, det är vår! frå 1975; og Söndagsbarn frå 1992.

Gustafsson spela dei fyrste åra som profesjonell med trommeslagaren Nils Bertil Dahlander i Göteborg. På 1950-talet flytta han til Stockholm for å samarbeide med Putte Wickman (Swedisk Jazz Kings, EP, 1957) og Arne Domnérus med Radiobandet og Radiojazzgruppen, og var ein mykje nytta studiomusikar. Young Guitar (Metronome, MLP 15072, 1961) var Gustafsson fyrste viktige musikkverk, her spela han i lag med Arne Domnérus, Jan Johansson, Jimmy Woode, Bjarne Nerem, Börje Fredriksson og Jan Allan.

Rune at the Top kom ut i 1969, og inkluderte blant andre norske Jon Christensen på trommer. Han spela duo med Arne Domnérus i Dialog (1972) og med Domnérus ulike orkester, med Jan Johansson, Georg Riedel, Cornelis Vreeswijk, Ulf Johansson, Andreas Öberg og fleire. På hans eigen Rune Gustafsson himself plays Gilbert O'Sullivan (1973) spela han med Egil Bop Johansen, denne var også med på Killing me Softly (1973) og Move (1977). For albumet Move fekk han prisen Gyllene Skivan.

On a Clear Day (Sonet, SLP 2581, 1976) hadde han mellom andre med seg Red Mitchell og trommeslagaren Ed Thigpen. Gustafsson spela med Zoot Sims på to plater, derav In a sentimental mood, Sims siste innspeling.

Gustafsson bidrog på fleire norske musikkverk, mellom andre på Jan Eggum sitt debutalbum frå 1975, med Sandviken Big Band (Live 30 Years In Business, 1999), og Det Norske Kammerkor (Jonas Ørstavik, World Tour, Kirkelig Kulturverksted, 2006).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rune Gustafsson är död», Orkesterjournalen, 18. juni 2012.