Runesteinane på Tanberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Runesteinane på Tanberg er fire steinar med innskrifter i den yngre runerekkja som er funne på Tanberg i Norderhov i Ringerike kommune i Buskerud. Dei tre første steinane vart funne ved eit besøk av antikvaren Lorentz Diderik Klüwer i 1823, og vart skildra og teikna av han.

Tanberg I[endre | endre wikiteksten]

I 1843 var denne steinen funnen berre kort tid i forvegen, den hadde då lege rett under markoverflata. Etter at Klüwer hadde vore der vart steinen skildra av fleire forskarar gjennom 1800-talet. Ifølgje Oluf Rygh etter skildringa hans frå 1894 er tolkinga:

her huilir guþormr slæikir : litlgahndahar er artiþ hans

På moderne norsk vert det: Her kviler Guttorm sleikar. Vesle gangdag er dødsdagen hans.

Innskrifta vert på grunnlag av runene datert til slutten av 1200-talet. Guttorm døydde altså på vesle gangdag, som er 25. april, dette er òg hans sjelemessedag, og det var difor viktig å få det med i gravskrifta hans. Tilnamnet «sleikar» kan ha samanheng med eit derogativt uttrykk, og kan tyda 'den sleske'.

Tanberg II[endre | endre wikiteksten]

Òg denne steinen hadde vorte funnen like før Klüwers besøk. Han oppgjev at steinen er omtrent 15 tommar lang, og med runer på den eine langsida. Etter Klüwer si skisse er innskrifta tolka av Sophus Bugge:

þana .... buruþursi(n)

Runene er betydeleg eldre enn dei på Tandberg I, og skriv seg frå slutten av vikingtida. Sannsynlegvis har steinen vore del av ein større ståande runestein. Ved neste besøk på Tanberg, i 1834, var steinen borte, og ingen kunne gjera greie for kvar det hadde vorte av han.

Tanberg III[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Klüwer var denne steinen funnen like attmed Tandberg II, og er òg eit fragment av ein større runestein. Sophus Bugge har tolka innskrifta slik:

alaib

:...k afiashiþ ...t...

Olav .... gravlagt .... på Toten (?)

Òg denne steinen er gått tapt ein gong etter at Klüwer vitja.

Tanberg IV[endre | endre wikiteksten]

Steinen vart funnen den 12. november 1894 og innrapportert til Universitetets Oldsaksamling dagen etter, han låg då som trinn i kjellartrappa på Nedre Tanberg. Det vart likevel klårt at han hadde vorte pløgd opp ute på eit jorde ein gong i 1860-åra. Steinen er forsynt med ein stor svastika og fleire andre geometriske figurar, kanskje pentagram. Det er òg fleire runer, men ikkje samanhengande, og dei er dermed vanskelege å tyda.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]