Runesteinen ved Froland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Runesteinen ved Froland kyrkje i Aust-Agder, er ein stein som opphavleg stod ute på kyrkjegarden i Froland. Han er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 84205.

Steinen er første gong omtalt av biskop Wegener i 1639, og han laga då òg ei teikning av innskrifta. Etter dette veit ein ikkje meir om steinen før i 1845, då Morten Dedekam fann «en runestein i en trapp som fører fra kirkegården ned mot elva». Steinen var tydelegvis slegen sund for å brukast som trappetrinn, og berre ein av delane er bevart. Ut frå teikninga til Wegener manglar i dag ti av runene.

Deretter forsvann steinen att. Klokkaren fann han på nytt i 1897, då i kyrkjegardsmuren. Året etter vart steinen sett inn i våpenhuset i kyrkja, der han står den dag i dag. Innskrifta er:

h e r l i (k a) þ (o) l æ f a r s u n (k) u n s a b i r t i

På norrønt vert det: Hér liggr þorleifr, son Gunnars á Birta

Og på moderne norsk: «Her ligg Torleif, son av Gunnar på Birte»

«Birte» kan sannsynlegvis vise til Birtevatn i Fyresdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Olsen: Norges innskrifter med de yngre runer, bd. III, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Oslo 1954 s. 3 - 9.