Hopp til innhald

Runnin' Down a Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runnin' Down a Dream
Singel av Tom Petty
frå albumet Full Moon Fever
B-side

«Alright For Now»
«Down the Line» (12" & CD)

Utgjeve 29. juli 1989
Innspelt 1988
Sjanger Heartland rock, hard rock
Lengd 4:25
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Tom Petty, Jeff Lynne, Mike Campbell
Produsent Jeff Lynne, Tom Petty, Mike Campbell
Tom Petty-kronologi 
«I Won't Back Down»
(1989)
Runnin' Down a Dream «Free Fallin'»
(1989)


«Runnin' Down a Dream» er ein song skriven og spelt inn av Tom Petty. Songen vart gjeven ut i juli 1989 som den andre singelen frå det førte soloalbumet hans, Full Moon Fever. «Runnin' Down a Dream» gjorde det greitt på salslista i USA, og nådde 23. plassen på Billboard Hot 100-lista og toppen av Billboard Album Rock Tracks-lista.[1] Han har sidan blitt mykje spelt på classic rock-radio, og dokumentaren om Tom Petty and the Heartbreakers er kalla opp etter songen.

Songen vart skriven i lag med Mike Campbell og Jeff Lynne.

Musikkvideoen for «Runnin' Down a Dream» vart regissert av Jim Lenahan og bestod av animasjon.

I popkulturen

[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i videospelet Grand Theft Auto: San Andreas og er spelbar i Guitar Hero 5 og Rock Band 2.[2] Petty and the Heartbreakers framførte songen i februar 2008 i pausen på Super Bowl.[3] I 2011 vart songen nytta i Tom Hanks-filmen Larry Crowne og på filmmusikkalbumet til filmen.[4]

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Horror punk/metal-artisten Wednesday 13 spelte songen på EPen Bloodwork.

På sommarturneen i 2013 spelte Dave Matthews Band songen.[5]

Liste (1989) Plassering
U.S. Billboard Album Rock Tracks 1
U.S. Billboard Hot 100 23
Kanadiske RPM Top Singles 23
UK Singles Chart 55
  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits. 8th Edition (Billboard Publications), page 490.
  2. Vince Darcangelo (22. juni 2006). «B-ball blues». Boulder Weekly. Arkivert frå originalen 10. november 2009. Henta 19. mars 2015. 
  3. Ann Donahue (3. februar 2008). «Super Bowl XLII Halftime Recap». Adweek. Henta 19. mars 2015. 
  4. «iTunes Store». Henta 5. juli 2011. 
  5. VideoYouTube

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]