Grand Theft Auto: San Andreas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grand Theft Auto: San Andreas
Grand Theft Auto San Andreas logo.svg
Utviklar(ar)Rockstar North
Utgjevar(ar)Rockstar Games
Produsent(ar)Leslie Benzies
Komponist(ar)Michael Hunter
Plattform(er)PlayStation 2, personleg datamaskin, Apple Macintosh, Xbox, Xbox 360, PlayStation 3, Windows Phone, Android, Microsoft Windows, Mac OS, macOS
Sjangeraction-eventyrspel, video game with LGBT character
Spelemoduseinspelar, fleirspelar

Grand Theft Auto: San Andreas (GTA:SA) er eit amerikansk tredjepersonsactionspel i Grand Theft Auto-serien utvikla av Rockstar North og gjeve ut på PlayStation 2 i 2004 (2007 i Japan) i tillegg til PC og Xbox i 2005, Apple Macintosh i 2011, iOS og Android i 2013.

Spelet fekk aldersgrense 18 år sidan at det inneheld tilvisingar til narkotika, blodig og til tider meiningslaus vald og grovt språk.

I den tredje utgjevinga av GTA i 3D er vedkomande som spelar figuren «Carl Johnson» (CJ) i den fiktive staten San Andreas (basert på California og Nevada) på 1990-talet. Carl Johnson reiser attende til San Andreas etter at mora er blitt drepen. Spelet har halde på element frå dei andre utgjevingane i serien, men denne gongen føregår ikkje handlinga til spelet berre i ein by, men i tre betydeleg større byar (Los Santos, San Fierro og Las Venturas). Byane er forbunde med kilometervis med landskap av ulik art, som skog, ørken, fjell, hav og liknande.

Mange kjende musikarar og skodespelarar har òg vore med på å leggja stemmar til dei ulike karakterane, på lista over dei som har dubba ein eller fleire karakterar er blant anna: Cher, Michael Douglas, Phil Collins, Samuel L. Jackson og Joe Pesci.

Spelverda[endre | endre wikiteksten]

San Andreas er eit etnisk mikrokosmos med ei stor mengd innvandrarar i heile USA. Dei tre største byane er modellerte etter Los Angeles, San Francisco og Las Vegas. Los Santos har mange kjendisar og ghettoar, San Fierro eit eklektisk kunstnarsamfunn, og Las Venturas har glamorøse casino.

San Andreas har variert topografi. Frå den majestetiske Mount Chilliad i Whetstone, den tette skogen i Red County, den tørre ørkenen i Bona County og det naturskjønne vatnet som omringar heile staten.

Dei tre store byane bidreg i ulik grad til i økonomien. Vinewood i Los Santos er den leiande filmbyen i verda, som tener på filmindustri, TV og underhaldningsbransjen. San Fierro er den største hamnebyen med lasteskip som dreg inn og ut av hamna kvar dag. Spelebyen Las Venturas har ein gamblingøkonomi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spelaren følgjer Carl Johnson som kjem attende til heimbyen sin Los Santos etter 5 år i Liberty City. Ikkje før han har kome heim blir han skulda av korrupte politimenn for eit mord han ikkje har utført. Politiet stel pengane hans og etterlèt han midt i området til ein fiendtleg kriminell gjeng, Ballas. Då Carl kjem heim til Grove Street, finn han vener og familie i oppløysing. Gjengen hans, Grove Street Families, har blitt delt opp i fleire mindre gjengar og erkefienden Ballas tek stadig større delar av området. Johnson bestemmer seg for å ta opp kampen mot dei to faktorane, Ballas og narkotika, som øydelegg det han har kjært.

Speling[endre | endre wikiteksten]

Som allereie nemnt dekker den fiktive staten San Andreas eit enormt område. Frå starten av er berre Los Santos opna opp, men seinare i spelet kan ein reisa der ein vil. Ein kan flyga helikopter over San Fierro, spela bort millionar av dollar i Las Venturas eller berre cruise rundt i gatene i Los Santos (Los Angeles). Spelaren kan òg skyta på sivile menneske, noko som har ført til at spelet har fått kritikk og bidrog til 18-årsgrensa. Ein kan kjøpa skytevåpen, skotsikker vest, granatar og anna i våpenbutikken AmmuNation.

Som i dei to førre spela i serien er det fleire radiostasjonar spelaren kan høyra når han går inn i ein bil eller set seg på ein motorsykkel. Spelaren har høvet til å slå av radioen. Det er 11 stasjonar, der 10 av dei inneheld musikk. Kvar av desse stasjonane inneheld kvar sin sjanger med songar frå ulike tidsperiodar.

Radiostasjonane er som følgjer:

CSR 103.9 spelar new jack swing og swingbeat-songar.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

GTA San Andreas (SA) fekk ei god mottaking av både meldarar og spelarar. Spelet fekk blant anna 9,6/10 hos GameSpot og PlayStation 2-versjonen fekk 10/10 hjå alle magasin og spelblad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]