Jeff Lynne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jeff Lynne
Джефф Линн в 2014 году.jpg
Verkeleg namn Jeffrey Lynne
Alias Otis Wilbury/Clayton Wilbury[1]
Fødd 30. desember 1947 (69 år)
Shard End i Birmingham i England
Instrument vokal, gitar, bassgitar, klaverinstrument, cello, banjo, ukulele, perkusjon
Sjanger Progressiv rock, poprock, symfonisk rock, kunstrock, pop
Aktive år 1963 til i dag
Yrke Musikar, songar-låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Electric Light Orchestra, Traveling Wilburys, The Idle Race, The Move, George Harrison, Tom Petty, The Beatles, Olivia Newton-John, Roy Orbison, Bob Dylan
Plateselskap United Artists, Jet, Harvest, Epic, Sony BMG, Reprise, Frontiers Records
Nettstad www.elo.biz/
Kjende instrument

Jeffrey «Jeff» Lynne (fødd 30. desember 1947) er ein engelsk låtskrivar, komponist, arrangør, songar, multi-instrumentalist og plateprodusent som var mest kjend som leiar og det einaste faste medlemmet i Electric Light Orchestra. Han var seinare med på å danne supergruppa Traveling Wilburys i lag med George Harrison, Bob Dylan, Roy Orbison og Tom Petty.

Lynne har produsert plater for artistar som the Beatles, Paul McCartney, Ringo Starr, Brian Wilson, Randy Newman, Roy Orbison, Dave Edmunds, Del Shannon og Tom Petty. Han har skrive songar i lag med Petty og Harrison. Lynne var medprodusent på Cloud Nine (1987) og Brainwashed (2002) av Harrison. Av dei mange songane han har skrive finn ein mellom andre hittar som «Livin' Thing», «Evil Woman», «Turn to Stone», «Do Ya», «Strange Magic», «Sweet Talkin' Woman», «Telephone Line», «Mr. Blue Sky», «Hold on Tight», «Don't Bring Me Down», «This Is Love», «I Won't Back Down», «Free Fallin'», «Handle with Care» og «End of the Line».

I 2008 vart Lynne i The Washington Times kåra til den fjerde største plateprodusenten i musikkhistoria.[2] I 2014 fekk han ei stjerne på Birmingham Walk of Stars i heimbyen.[3]

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Lynne voks opp i Shard End i Birmingham i England, der han gjekk på Alderlea Boys' Secondary School.[4] Den første gitaren hans, eit akustisk instrument, fekk han av faren for £2.[5] Han spelte framleis på denne gitaren i 2012.[5] I 1963 danna ha ei gruppe i lag med Robert Reader og David Walsh med berre spanske gitarar og billige elektriske instrument. Dei heitte opphavleg «The Rockin' Hellcats» før dei endra namn til «The Handicaps» og til slutt «The Andicaps». Dei øvde i Shard End Community Centre og heldt konsert kvar veke. I 1964 slutta Robert Reader og David Walsh i bandet og Lynne henta inn erstatningar. I slutten av 1964 valte Lynne å slutte i bandet for å erstatte Mick Adkins i det lokale bandet «The Chads».[6]

Kring 1965,[7] fekk han tak i det første studioopptaksutstyret sitt[5], ein Bang & Olufsen 'Beocord 2000 De Luxe' stereo spolebandopptakar, som gjorde at han kunne ta opp fleire spor mellom venstre og høgre kanalar.[5] Han sa «dette lærte meg korleis ein skulle produsere».[5] I 1966 vart Lynne med i The Nightriders som gitarist. Bandet endra etter kort tid namn til the Idle Race, eit namn dei visstnok fekk av bestemora hans, Evelyn Lynne, som mislikte popmusikk og meinte det ikkje var ein skikkelig jobb. Trass i at dei spelte inn to kritikarroste album, fekk dei ikkje særleg med suksess. I 1970 tok Lynne i mot eit tilbod frå venen Roy Wood om å bli med i det meir suksessrike bandet the Move.[8]

1970–86: The Electric Light Orchestra[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Electric Light Orchestra.
Jeff Lynn med ELO i Oslo 27. april 1978
Foto: Helge Øverås

Lynne skreiv mange songar til dei to siste albuma av the Move, medan han i lag med Roy Wood og Bev Bevan pønska ut eit band som skulle blande rock og klassisk musikk. Den opphavlege ideen var at det nye prosjektet skulle eksistere samstundes med The Move.[8] Dette prosjektet vart etter kvart det særs populære Electric Light Orchestra (ELO). Problem førte til at Wood slutta i 1972, etter at bandet hadde gjeve ut debutalbumet sitt. Lynne vart dermed den skapande krafta i bandet.[8] Bandet skifta ofte besetning og vart stadig meir populære. ELO 2 kom i 1972, On the Third Day i 1973, Eldorado i 1974 og Face the Music i 1974. Med A New World Record i 1976 hadde Lynne nesten utvikla røtene av gruppe til ein meir kompleks og unik poprockstil blanda med studiostrykarar, lag på lag med vokal, og tette, fengande popsignlar. Lynne var dominerte den kreative sida av bandet og var produsent, låtskrivar, arrangør, songar og gitarist, slik at ELO minna meir om eit soloprosjekt. Men stilen til ELO og fokuset til Lynne var òg forma av Louis Clark og Richard Tandy som var med å arrangere songane, trommespelinga til Bev Bevan og dei elektroniske klaverinstrumenta til Richard Tandy.

Høgdepunktet i karrieren til ELO var det særs populære dobbeltalbumet Out of the Blue frå 1977, som stort sett vart laga i ei sveitisk hytte i løpet av ein to vekersperiode.[9] På verdsturneen til bandet i 1978 var scenen forma som eit romskip og det vart nytta laserer som ein del av lysshowet. For å gjenskape dei komplekse instrumentale lydbileta frå albuma på scenen, nytta bandet opptak for å supplere livemusikken. Sjølv om dette er ganske vanleg i dag, skapte det store oppstand i musikkpressa på den tida.[10] Lynne har ofte sagt at han føretrekkjer det kreative miljøet i studio føre det slitsame turnélivet. I 1979 følgde Lynne opp suksessen med Out of the Blue med Discovery, som låg på toppen av den britiske albumlista i fem veker. Albumet er hovudsakleg kjend for dei discoaktige singlane («Shine a Little Love» og «Last Train to London») og ordspelet i tittelen med «disco» og «very».[11]

I 1979 avslo Lynne ein invitasjon om å la ELO stå øvst på plakaten ved Knebworth i Storbritannia, og Led Zeppelin tok i staden over. Sidan det ikkje vart turnet etter Discovery, fekk Lynne tid til å skrive fem songar for filmen Xanadu. Tre av songane frå filmen enda opp som hitsinglar: «I'm Alive» (20. plass i Storbritannia), «All Over The World» (11. plass i Storbritannia) og tittelsporet «Xanadu», som nådde toppen av singellista i Storbritannia. I 2007 vart det laga sceneversjon av musikalfilmen, og dei fleste songane frå filmen vart teken i bruk, i tillegg til to andre ELO-songar: «Strange Magic» og «Evil Woman».

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1981 tok Lynne bandet i ei noko anna retning med science-fiction-albumet Time, som låg på toppen av albumlista i Storbritannia i to veker. Det var framleis med strykarar, men dei vart spelte på synthesizerar. Etter ein forholdsvis suksessrik turné, heldt Lynne fram i same stilen med Secret Messages i 1983, og eit siste ELO-album for å oppfylle kontraktsvilkåra, Balance of Power i 1986. ELO hadde på denne tida berre tre gjenverande offisielle medlemmar (Lynne, Bevan og Tandy), og Lynne byrja å bruke meir av tida si på å produsere andre artistar. I denne tida med Electric Light Orchestra, gav Lynne òg ut nokre innspelingar under sitt eige namn. I 1976 spelte Lynne the Beatles-songane «With a Little Help from My Friends» og «Nowhere Man» for All This and World War II. I 1977 gav Lynne ut den første solosingelen sin, den disco-aktige «Doin' That Crazy Thing»/«Goin' Down to Rio». Trass i at ELO var særs populære på denne tida, vart singelen lite spelt på radio og gjekk ikkje inn på salslistene.

I 1984 medverka Lynne og Richard Tandy med to originale songar, «Video!» og «Let It Run» for filmen Electric Dreams. Lynne skreiv òg songen «The Story of Me», som vart spelt inn av Everly Brothers for comebackalbumet deira EB84. Sjølv før ELO offisielt var over, byrja Lynne å fokusere meir på studioarbeid og produksjon. Lynne produserte og skreiv «Slipping Away» for Dave Edmunds i 1983 og spelte på innspelingar (med Richard Tandy) for Edmunds-albumet Information. Lynne produserte òg seks songar på oppfølgjaralbumet til Edmunds i 1984, Riff Raff. I motsetnad til den tette, barokke stilen til ELO, var produksjonen til Lynne etter ELO meir minimal med akustiske instrument og ein enkel «organisk» kvalitet.

Det er tydeleg at Lynne var påverka av the Beatles gjennom musikken til ELO, og sambandet til the Beatles vart styrka då Lynne produserte George Harrison-albumet Cloud Nine.[8] Dette vart eit suksessrikt comebackalbum for Harrison i 1987 med dei populære singlane «Got My Mind Set on You», «When We Was Fab» (der Lynne spelte fiolin i videoen) og «This Is Love», som var skriven i lag med Lynne. Lynne fortsette å arbeide med Harrison då begge i 1988 var med på å starte Traveling Wilburys, ei supergruppe som òg bestod av Tom Petty, Bob Dylan og Roy Orbison. Gruppa gav ut to album (Vol. 1 og Vol. 3), begge produsert av Harrison og Lynne.[8] I 1988 arbeidde Lynne òg med Orbison-albumet Mystery Girl,[8] og var medlåtskrivar og produserte den siste store hitten til Orbison, «You Got It», i tillegg til to andre songar på albumet. For Rock On!, det siste Del Shannon-albumet, skreiv Lynne «Walk Away» og gjorde ferdig fleire songar etter Shannon døydde.

I 1989 var Lynne medprodusent på Full Moon Fever av Tom Petty,[8] som inneheldt hitsinglane «Free Fallin'», «I Won't Back Down» og «Runnin' Down a Dream», alle skrivne i lag med Lynne. Dette albumet og Traveling Wilburys Vol. 1 vart begge nominerte til Grammy-prisen for årets album i 1989. Traveling Wilburys vann ein Grammy for beste rockegruppe det året.[12] Lynne-songen «One Way Love» vart gjeven ut som singel av Agnetha Faltskog og kom ut på det andre albumet hennar etter ABBA, Eyes of a Woman. Lynne var medlåtskrivar og produsent på songen «Let It Shine» for Beach Boys-medlem Brian Wilson sitt første soloalbum i 1988. Lynne skreiv òg tre songar til eit album av Duane Eddy og «Falling in Love» på Land of Dreams for Randy Newman.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1990 samarbeidde Lynne med Wilburys for oppfølgjaren Traveling Wilburys Vol. 3[8] og kort tid etter gav han ut det første soloalbumet sitt, Armchair Theatre,[8] med venene George Harrison og Richard Tandy. Det inneheldt singlane «Every Little Thing» og «Lift Me Up». Albumet fekk noko positive kritikk, men selde dårleg. Lynne skreiv òg songen «Wild Times» til filmen Robin Hood: Prince of Thieves i 1991. I 1991 gjekk Lynne i studio att med Petty, og var medlåtskrivar og produsent på albumet Into the Great Wide Open for Tom Petty and the Heartbreakers, med singlane «Learning to Fly» og «Into the Great Wide Open». Året etter produserte han det posthume Roy Orbison-albumet King of Hearts, med singelen «I Drove All Night».

I februar 1994 oppfylte Lynne ein livslang draum då han arbeidde med dei tre gjenlevande Beatles-medlemmane på albumserien Anthology.[8] George Harrison ønskte å ha med Lynne for å revaluere dei originale innspelingane til John Lennon. Songane «Free as a Bird»[8] og «Real Love» vart skapt med å digitalt handsama demoane til Lennon, medan dei andre medlemmane spelte inn ny musikk over desse. Lynne produserte òg plater for Ringo Starr og arbeidde på det Grammy-nominerte Paul McCartney-albumet Flaming Pie.[8]

I 1990-åra dreiv Lynne òg med produksjon for Julianna Raye på albumet Something Peculiar og album av Roger McGuinn (Back from Rio) og Joe Cocker (Night Calls), songar av Aerosmith («Lizard Love»), Tom Jones («Lift Me Up»), Bonnie TylerTime Mends a Broken Heart»), filmen Still Crazy, Hank MarvinWonderful Land» og «Nivram»), Et Moi («Drole De Vie») og Tandy Morgan Band («Action»). I 1996 vart Lynne offisielt anerkjend av sine likemenn då han fekk Ivor Novello-prisen for «eineståande bidrag til britisk musikk» for andre gongen.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I 2000-åra fekk Lynne namnet ELO attende[8][13] frå turnégruppa til Bevan, ELO Part II, etter at Bevan valte å pensjonere seg og selje halvparten av rettane til namnet ELO til Lynne. Lynne gav ut eit nytt album i 2001 under namnet ELO kalla Zoom.[8] Albumet har med gjestemusikarar som Ringo Starr, George Harrison og den første ELO-klaverspelaren Richard Tandy, med Lynne på dei fleste andre instrument og vokal. Albumet fekk god kritikk, men selde dårleg.[8] Trass i at det hadde lite med lydlandskapet på ELO-albuma frå 1970-åra, vart det marknadsført som «attende til den klassiske ELO-stilen»[14] i eit forsøk på få attende den lojale fansen og få i gang ein planlagt konsertturné. Ein konsert i CBS Television City vart filma og synt på PBS (og sidan gjeve ut på DVD), men sjølve turnéen vart kansellert.[15]

Tidleg i 2001 byrja Lynne å arbeide med George Harrison på det som vart det siste albumet til Harrison, Brainwashed.[8] Etter Harrison døydde av kreft den 29. november 2001, gjekk Lynne attende i studio i 2002 for å hjelpe til med å gjere ferdig det uferdige albumet.[8] Lynne var sterkt involvert i minneskonserten Concert for George, i Royal Albert Hall i London i november 2002, der òg Wilbury-medlemmet Petty spelte. Lynne song solovokal på «The Inner Light», «I Want to Tell You» og «Give Me Love (Give Me Peace on Earth)», og produserte sidan ein kringlydmiks av konserten for DVD, som kom ut i november 2003. DVDen vann seinare ein Grammy-pris. Lynne arbeidde igjen med Petty i 2006 på det tredjesoloalbumet til Petty, Highway Companion.[8]

ASCAP gjorde ære på Lynne med ein Gullen Note Award under innviinga av «I Create Music» EXPO den 24. april 2009, presentert av Paul Williams.[16][17] ASCAP's Gullen Note Award vert gjeve til låtskrivarar, komponistar og artistar som har oppnådd ekstraordinære karrierar. Tidlegare hadde Tom Petty, Quincy Jones, Stevie Wonder, Sean «Diddy» Combs og Garth Brooks fått prisen.[18] I 2009 produserte han fire songar på Regina Spektor sitt femte album, Far, gjeve ut 23. juni 2009.[8]

2010 til i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2010 arbeidde Lynne på eit album med Joe Walsh og skreiv samstundes eit eige album. Lynne medverka med ein coverversjon av Buddy Holly sin «Words of Love» for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly, som kom ut 6. september 2011.[19] I 2012 gav Walsh ut sitt Analog Man, produsert av Lynne.[20] Det andre soloalbumet til Lynne, eit coveralbum kalla Long Wave, kom ut 8. oktober 2012. Eit samlealbum der dei store hittane til ELO vart spelt inn på nytt av Lynne, kalla Mr. Blue Sky: The Very Best of Electric Light Orchestra, kom ut same dagen.[21]

I 2012 spelte Lynne og Tandy saman i heimestudio til Lynne. Dei spelte gamle ELO-sognar og dette vart sendt på fjernsyn som ein del av dokumentaren Mr. Blue Sky. Lynne og Tandy kom saman att 12. november 2013 for å spele saman under namnet Jeff Lynne and Friends. Dei spelte «Livin' Thing» og «Mr. Blue Sky» ved Children in Need Rocks-konserten i Hammersmith Eventim Apollo i London.

Den 9. februar 2014 spelte Lynne George Harrison sin «Something» på The Night That Changed America: A Grammy Salute to The Beatles, i tillegg til «Hey Bulldog» frå Yellow Submarine akkompagnert av Dave Grohl. Dette var til minne om at det var 50 år sidan The Beatles spelte på The Ed Sullivan Show.

5. mars 2014 fekk Lynne ein æresdoktorgrad ved Birmingham City University.

Den 14. september 2014 spelte Jeff Lynne ein offentleg konsert for første gong på over 25 år, då han leia Radio 2-festivalen i Hyde Park i London.[22]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Lynne har vore gift to gonger, først med Rosemary i 1970 (skild 1977) og så med Sandi Kapelson i 1979, som han har to døtre i lag med, Laura (f. 1979) og Stephanie (f. 1981).[23] Han har vore i forhold med Rosie Vela og for tida med Camelia Kath, enkja etter Chicago-gitarist Terry Kath og tidlegare kona til Kiefer Sutherland.[24]

Lynne bur i dag i Beverly Hills i California.

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Som produsent[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Album Utgjeve Listeplassering Salstrofé
UK US UK US
The Idle Race - Idle Race 1969 Liberty
Electric Light Orchestra - ELO 2 1973 Harvest, United Artists 35 62
Electric Light Orchestra - On the Third Day 1973 Warner Bros., United Artists 52 Sølv*
Electric Light Orchestra - Eldorado 1974 Warner Bros., United Artists 16 Sølv* Gull
Electric Light Orchestra - Face the Music 1975 Jet, United Artists 8 Sølv* Platina
Electric Light Orchestra - A New World Record 1976 Jet, United Artists 6 5 Platina 2x Platina
Electric Light Orchestra - Out of the Blue 1977 Jet, United Artists 4 4 Platina Platina
Electric Light Orchestra - Discovery 1979 Jet 1 5 Platina 2x Platina
Electric Light Orchestra - Time 1981 Jet 1 16 Gull
Electric Light Orchestra - Secret Messages 1983 Jet 4 36 Gull
Electric Light Orchestra - Balance of Power 1986 Epic, CBS Associated 9 49 Sølv
Jeff Lynne - Armchair Theatre 1990 Reprise 24 83
Electric Light Orchestra - Zoom 2001 Epic, Epic / Legacy 34 94
Jeff Lynne - Long Wave 2012 Frontiers 7 133

Som medprodusent[endre | endre wikiteksten]

Album Utgjeve Listeplassering Salstrofé
UK US UK US
The Move - Looking On 1970 Fly, Capitol
The Move - Message from the Country 1971 Harvest, Capitol
Electric Light Orchestra - The Electric Light Orchestra 1971 Harvest, United Artists 32 196
Dave Edmunds - Information 1983 Arista, Columbia 92 51
Dave Edmunds - Riff Raff 1984 Arista, Columbia 140
George Harrison - Cloud Nine 1987 Dark Horse 10 8 Gull Platina
Duane Eddy - Duane Eddy 1987 Capitol
Traveling Wilburys - Traveling Wilburys Vol. 1 1988 Wilbury 16 3 Platina 3x Platina
Roy Orbison - Mystery Girl 1989 Virgin 2 5 Platina Platina
Tom Petty - Full Moon Fever 1989 MCA 8 3 Gull 5x Platina
Miss B. Haven - Nobody's Angel 1990 Eastwest
Traveling Wilburys - Traveling Wilburys Vol. 3 1990 Wilbury, Warner Bros. 14 11 Gull Platina
Del Shannon - Rock On! 1991 Silvertone, MCA
Tom Petty - Into the Great Wide Open 1991 MCA 3 13 Gull 2x Platina
Ringo Starr - Time Takes Time 1992 Private Music
Julianne Raye - Something Peculiar 1993 Reprise
Paul McCartney - Flaming Pie 1997 Parlophone, Capitol 2 2 Gull Gull
George Harrison - Brainwashed 2002 Parlophone, Capitol 29 18 Gull Gull
Tom Petty - Highway Companion 2006 American 56 4 Gull
Regina Spektor - Far 2009 Sire 30 3
Joe Walsh - Analog Man 2012 Decca, Fantasy 53 12

Filmmusikkalbum som medprodusent[endre | endre wikiteksten]

Album Utgjeve Listeplassering Salstrofé
UK US UK US
ELO & Olivia Newton-John - Xanadu 1980 Jet, MCA 2 4 Platina 2x Platina
Forskjellige artistar - Electric Dreams 1984 Virgin, Epic 94

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dette var scenenamn Lynne brukte som ein del av supergruppa Traveling Wilburys.
  2. «Top 5: Knob-twiddlers». Washington Times. 4 July 2008. http://www.washingtontimes.com/news/2008/jul/04/top-5-98304083/. Henta 11. februar 2015. 
  3. «ELO's Jeff Lynne returns to Birmingham for star honour». BBC News. http://www.bbc.co.uk/news/uk-england-birmingham-26566485. Henta 11. februar 2015. 
  4. «Jeff Lynne at brumbeat.net. Henta 3 October 2012». Brumbeat.net. http://www.brumbeat.net/andicaps.htm. Henta 11. februar 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Mr Blue Sky: The Story of Jeff Lynne and ELO. Henta 11. februar 2015.
  6. «The Andicaps biography». Brumbeat. 30 December 1947. http://www.brumbeat.net/andicaps.htm. Henta 11. februar 2015. 
  7. «BeoCord 2000 Deluxe K Reel to Reel Tape Deck». http://www.beoworld.org/prod_details.asp?pid=581. Henta 11. februar 2015. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 8,12 8,13 8,14 8,15 8,16 8,17 8,18 Huey, Steve. «Jeff Lynne - Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/jeff-lynne-mn0000228266. Henta 11. februar 2015. 
  9. «ELO Remaster Series Out of the Blue Sleeve Notes». Ftmusic.com. http://www.ftmusic.com/outoftheblue/sleeve_notes.html. Henta 11. februar 2015. 
  10. «Jeff Lynne Song Database - Electric Light Orchestra - Out Of The Blue / The Big Night Tour». Jefflynnesongs.com. http://www.jefflynnesongs.com/ootbtour/. Henta 11. februar 2015. 
  11. «Appreciation - Jeff Lynne, A Symphony by The Light Shines On In … Eldorado». Lightshineson.de. 11 February 2007. http://www.lightshineson.de/2008/04/appreciation-jeff-lynne-a-symphony/. 
  12. «The Offisiell nettstad of Music's Biggest Night». GRAMMY.com. http://www.grammy.com/. Henta 11. februar 2015. 
  13. «SongBook | The Electric Light Orchestra». Thelogbook.com. 29 August 2005. http://www.thelogbook.com/music/the-orchestra-no-rewind. Henta 11. februar 2015. 
  14. Thomas, Stephen (12 June 2001). «((( Zoom > Overview )))». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r537789. Henta 11. februar 2015. 
  15. «ELO a no-go», The Philadelphia Inquirer: E8, 18 August 2001 
  16. Goodman, Dean. «Heart, Jeff Lynne to be honored by music biz in Hollywood | Fan Fare». Blogs.reuters.com. http://blogs.reuters.com/fanfare/2009/04/21/heart-jeff-lynne-to-be-honored-by-music-biz-in-hollywood/. 
  17. «Showdown: ELO Mailing List». Eskimo.com. 24 April 2009. http://www.eskimo.com/~noanswer/showdown.html. Henta 11. februar 2015. 
  18. «Jeff Lynne To Be Honored And Give Rare Interview At ASCAP «I Create Music» Expo». Ascap.com. 23 March 2009. http://www.ascap.com/press/2009/0319_lynne_interview.aspx. Henta 11. februar 2015. 
  19. Leggett, Steve. «Listen to Me: Buddy Holly - Various Artists : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/listen-to-me-buddy-holly-mw0002204256. Henta 11. februar 2015. 
  20. Thomas, Stephen. «Analog Man - Joe Walsh : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/analog-man-mw0002343771. Henta 11. februar 2015. 
  21. Greenwell, Ken (1 August 2012). «Face The Music - Jeff Lynne - Long Wave». Ftmusic.com. http://www.ftmusic.com/longwave_jeff/index.html. 
  22. «Jeff Lynne, Electric Light Orchestra to Play London's Hyde Park». Hollywoodreporter.com. 2014-06-13. http://www.hollywoodreporter.com/news/jeff-lynne-elektrisk-light-orchestra-711681. Henta 11. februar 2015. 
  23. «Jeff Lynne». Nndb.com. http://www.nndb.com/people/165/000032069/. Henta 11. februar 2015. 
  24. «News-27». Travelingwilburys.ru. http://travelingwilburys.ru/News27.html. Henta 11. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]