Rur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva i Belgia, Tyskland og Nederland, sjå Roer.
Rur
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Overklasse: Multicrustacea
Klasse: Hexanauplia
Underklasse: Rankefotingar Cirripedia
Familie: Rur Balanidae
Leach, 1806

Rur er fastsitjande krepsdyr vanlege på harde flater frå fjæresona ned til djuphavet. Det er beskrive rundt 1220 artar, og dei førekjem i alle hav over heile verda.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Rur har to larvestadium. Det første er felles med alle krepsdyr, og vert kalla nauplius-stadiet; her lever dyret planktonisk og driv med straumen i om lag to veker. På dette tidspunktet skiftar larva over i neste stadium, som er cypris-larva. Denne er ikkje i stand til å ta til seg føde, men er desto flinkare til å symja. Cypris-larvene slår seg ned ein plass som ser ut til å tilby eit trygt og produktivt miljø.

Når dyret har funne seg ein passande stad, fester cyprislarva seg med hovudet først til ein hard overflate, for så å ta til metamorfosen til ein ung rur. Dei fleste artane utviklar seks harde plater til å omkransa og beskytta kroppane sine. Resten av livet til organismen vert tilbrunge fest til bakken.

Når metamorfosen er over og ruren er vaksen, vil ruren halda fram å veksa. I motsetnad til andre leddyr skiftar dei derimot ikkje skal; dei veks ved å leggja til nytt materiale til enda av dei tunge, kalkrike platene sine.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rur følgjer stort sett grunnoppbygginga til krepsdyra. Det er likevel nokre skilnadar; Antennene er t.d. omdanna til eit forankringsorgan. Dyra har seks par bein på thorax, desse vert kalla cirri og brukast til å fanga opp plankton, og i paringstida gametar. Rur vert delt inn i to større grupper; eigentleg rur, som er fest direkte til steinen dei sit på, og rankeføtingar, som sit på lange stilkar.

Rundt kroppen til ruren er det seks harde kalkplater. Dyret har òg to ekstraplater til å opna og lukka skalet med.

Ruren er hermafrodittisk, og har ulikt kjønn på ulike stadium av livet. Penisen til hannen er den største i dyreverda, sett i høve til kroppen: Hjå gjennomsnittsruren er dette organet ca. 25 gongar så langt som sjølve dyret det sit på.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]