Rutgersbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rutgersbreen
isbre
Kart som viser plasseringa til Rutgersbreen i Victoria Land i Antarktis
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 78°14′00″S 161°55′00″E / 78.23333°S 161.91667°E / -78.23333; 161.91667
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rutgersbreen
78°14′00″S 161°55′01″E / 78.2333°S 161.917°E / -78.2333; 161.917
Rutgersbreen is located in Antarktis
Rutgersbreen (Antarktis)

Rutgersbreen er ein bratt isbre på vestsida av Royal Society Range i Ross Dependency i Antarktis. Rutgersbreen flyt sørvest frå Johns Hopkins Ridge og Mount Rucker og ut i Skeltonbreen.[1] Abbott Spur skil den lågare enden av Rutgersbreen frå Allisonbreen.[2]

Rutgersbreen vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto teken av US Navy. Isbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Rutgers University i New Brunswick i New Jersey, som har sendt forskarar til Antarktis, og i samband med Johns Hopkins Ridge og Carletonbreen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Rutgersbreen». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. januar 2014. 
  2. «Abbott Spur». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. januar 2014.