Ruth Beitia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruth Beitia i 2013

Ruth Beitia Vila (fødd 1. april 1979) er ein spansk friidrettsutøvar og politikar frå Santander. Beitia, som tevlar i høgdehopp, vart europameister i 2012 og forsvarte meistertittelen i 2014. I den mellomliggande sesongen tok ho bronsemedaljen i øvinga under friidretts-VM i Moskva.

Hennar personlege rekord er 2,02 meter, oppnådd i San Sebastián i 2007.

Beitia er sidan juni 2011 fyrstesekretær i regionsparlamentet for Cantabria, der ho representerer det konservative partiet Partido Popular (Folkepartiet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.