Ruth Underwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruth Underwood
Ruth Underwood.jpg
Ruth Underwood spelar med Frank Zappa i New York City
Fødd23. mai 1946 (73 år)
FødenamnRuth Komanoff
OpphavUSA
Aktiv1967–1982
SjangerJazzrock/rock
InstrumentXylofon, marimba, vibrafon, perkusjoninstrument
Tilknytte artistarFrank Zappa and the Mothers of Invention
PlateselskapPhilips Records
Verka somMusikar, komponist
Gift medIan Underwood

Ruth Underwood (fødd 23. mai 1946 som Ruth Komanoff) er ein tidlegare profesjonell musikar, mest kjend for å ha spelt xylofon, marimba, vibrafon og andre perkusjonsinstrument med Frank Zappa and the Mothers of Invention frå 1967 til 1977.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Underwood fekk musikkopplæring innan klassisk musikk og studerte både ved Ithaca College under Warren Benson og under Saul Goodman ved Juilliard. I 1967 var ho ofte publikum ved the Garrick Theater i New York City då Frank Zappa and The Mothers of Invention byrja å spele der som fast band. Dette førte til at ho vart kjend med Zappa i desember 1967.

« Oh, eg var truleg ein av dei heller stive folka frå forstadane - eg trur somme av oss forstod, og vi kom attend for meir og meir og meir. Eg hugsar eg var lei meg då dei omsider slutta ved the Garrick Theatre og reiste attende til LA. Eg følte det som om det verkelege hjartet hadde forsvunne frå New York City, oeg eg måtte gå attende til studielivet ved konservatoriet, som verka keisamt etter dette. »

Med både fødenamnet hennar, Ruth Komanoff og scenenamnet hennar, Underwood, spelte ho òg trommer med rockegruppa The Hamilton Face Band i 1969, og var med på somme av innspelingane deira for Philips Records og Bell Records. Ho gifta seg med Zappa-musikaren Ian Underwood i mai 1969. Dei skilde seg i 1986.

Underwood spelte på over tjue Zappa og Mothers-plater. Ein kan mellom anna høyre den virtuose spelestilen hennar på «Rollo Interior interlude» frå «St. Alfonzo's Pancake Breakfast» frå Apostrophe (') (1974). Anna imponerande speling er dokumentert på Roxy & Elsewhere (1974) og på «Inca Roads», opninga på One Size Fits All (1975). Somme glimt av Underwood er mogeleg å sjå i Zappa-filmen 200 Motels (1971), A Token Of Hes Extreme (1974) og Roxy the Movie (1973: utgitt på DVD i 2015).

I 1970-åra spelte Underwood for fleire andre musikarar, som Ambrosia, Jasun Martz og jazz-klaverspelaren George Duke, som òg var medlem i bandet til Zappa. Ho trekte seg attende frå musikkindustrien kring 1980, og fokuserte i staden på barna sine, som begge har blitt dugande klassiske musikarar. I eit intervju frå 1993 fortalte ho at ho spelte på den siste innspelinga til Zappa, kort tid før han døydde av kreft i desember det året.

« For eit par år sidan, då eg høyrte at Frank var blitt sjuk, ringde eg han. Det var 14 år sidan siste me hadde hatt kontakt. Han inviterte meg heim til seg og me hadde nokre verkeleg hyggelege besøk. Sist juni ('93) ringde han meg og spurte om eg kunne ta med nokre av instrumenta mine. Eg var i sjokk for eg hadde ikkje røyrt klubbene mine sidan mars 1977. Eg måtte øve i 14 timar, og var hos Frank i fire dagar for å spele inn musikk. Det var eit mirakel for meg - at eg kunne vere saman med han og framleis ha noko å tilby. »

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]