Sæterbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sæterbø
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 55

Sæterbø eller Sætrabø er ein gard sør i Fitjar kommune.

Garden grensar til Stordfjella i aust, Stord kommune i sør, Røydland i vest og Liarbø i nord. Garden var truleg opphavleg ei seter for gardane som låg lenger vest, før ein mann seinare har busett seg her og rydda garden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden vart kalla Sætre i 1350-åra, men heiter Setterbøe på 1500-talet. Dette tyder på at garden låg øyde i seinmellomalderen, men er blitt nytta til slåtteland eller liknande.

Garden var vanskeleg å drive sidan han låg til fjells, og det var ofte lite korn å dyrke. Beitemarka var derimot god, og her var ein god del skog.

Namnet vert no skrive Sæterbø, som òg er daglegnamnet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]