Røydland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røydland
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 54

Røydland, òg skrive Rydland eller Rødland, er ein gard sør i Fitjar kommune.

Garden grensar til Liarbø og Sæterbø i aust, til Tislavoll i vest, til Storavatnet i nord og til Stord kommune i sør. Røydlauselva dannar den nordlge grensa på austsida av Storavatnet til Årbø.

På området ligg Rydlandssaga, som ein køyrer forbi når ein passerer kommunegrensa mellom Fitjar og Stord langs Fv545. På området ligg òg ein nærbutikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er truleg gammal. I Dalen, som går ned til Storavatnet, er det funne ei utbrend mannsgrav berre nokre meter frå vatnet. Her har ein funne spyd, øks, to bryner, ein ring og ein del rusta jern. Ein har òg funne ei skaftholsøks av stein på garden.

Garden vart først nemnd i Bjørgyngar Kalfskinn, ei jordebok over geistleg gods frå 1300-talet. Garden høyrte då til Kristkyrkja i Bergen, men kom seinare inn under bispegodset i Bergen. Ved reformasjonen vart bispestolgodset overtatt av krona og vart kalla «Stigtens gods». I 1661 hadde Aksel Mowat teke over garden. Han selde til futen Iver Knudsen Gram i 1662. Tidleg på 1700-talet selde arvingane til futen partar til brukarane, som vart sjølveigarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Raudfarge i myrane på Røydland tyder på at det har vore myrmalm som i gammal tid vart kalla «raudi». Ein meiner at garden er kalla opp etter dette.

Gardsnament har opp gjennom åra blitt skrive Ryghialande, Rødland, Roland, Rodlandt, Røllannd, Rødlandt, Rødlandtt, Rølannd, Røeland, Røedland, Røland, Ryeland, Ryland, Rylland, Rydland og Raudland. Daglegnamnet er Rødland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]