Søderbergelektroden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søderbergelektroden er ein kontinuerleg, sjølvbrennande karbonelektrode som vert nytta i elektrometallurgiske smelteomnar og som katode i elektrolysebaserte smelteverk. Før utviklinga av denne kolelektroden som brann direkte og kontinuerleg brukte dei førehandsbakte elektrodar som kravde at operatørar måtte stoppa smelteomnane for å montera nye elektrodar når den gamle var brukt opp.

Elektroingeniøren Carl Wilhelm Søderberg (1876–1955) fekk den opphavlege ideen til den kontinuerlege elektroden i 1916. Saman med dr. ing. Mathias Ø. Sem ved Det norske selskab for Elektrokjemisk Industri (Elkem ASA) dreiv han forsøk på å utvikla ein kontinuerleg elektrode ved å fylla ein elektrodemasse av kol, tjæra og bitumen inn i eit jarnrør med ein jarnkjerne som vart kopla til elektrisk kraft. Saman med ingeniør Jens Westly laga dei langsgående ribbar på innsida av elektrodemantelen for å betre kontakten mellom denne og den bakte delen av elektroden. Til oppfinningas hovedpatent frå 1918 er det knytt over 300 patent.

Søderbergelektrodens stålmantel vert idag fylt med ein pasta beståande av kalsinert antrasitt, petrolkoks og bek. Elektrodemassen vert brunne til ein fast karbonelektrode etterkvart som han vert forbrukt og vert mata nedover i omnen. Når elektroden vert brukt i prosessar der jarn ikkje er skadeleg for produktet, som ved framstilling av råjern, vert stålmantelen mata ned og vert forbrukt saman med elektroden. Nye seksjonar kan då sveisast på ovanfrå. Frå 1924 vart søderbergelektroden òg teke i bruk i aluminiumindustrien. Ved bruk i aluminiumelektrolyse er mantelen stasjonær og berre sjølve karbonelektroden vert mata inn i elektrolysebadet.

Oppfinninga førte til at Elkem vart eit teknologiselskap med heile verda som arbeidsområde. Ein reknar med at rundt 75% av alle smelteverk basert på elektrisk kraft og reduksjonsomnar verda over har kjøpt teknologien og utstyret frå Elkem. Forskingssenteret til selskapet ved Fiskaa bruk i Vågsbygd, like utanfor Kristiansand, er i dag ein av det fremste laboratoriet i verda for ferrolegeringsindustrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]