Søkjemotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Søkemotor)
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Ein søkjemotor er ein type programvare som leitar fram nettsiderinternett som samsvarar med eit søk, og rangerer desse etter kva han oppfattar som mest relevant. Typisk ligg søkjemotoren tilgjengeleg som ein nettstad, der brukaren legg inn søkjeord, og treffa vert vist som klikkbare lenkjer.

Søkjemotoren kan anten gjera søk på heile internett (t.d. Google og Yahoo!), innanfor ein bestemt nettstad (t.d. søk innanfor nettavisa til VG), eller innanfor eit bestemt tema (t.d. Kelkoo som søkjer i prisar på produkt).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste søkjemotoren for Internett var Wandex, ein såkalla web crawler (søkjerobot), utvikla av Matthew Gray ved MIT i 1993. Denne søkjemotoren finst ikkje lenger, men ein annan tidleg søkjemotor, Aliweb, som også kom i 1993, finst enno. Lycos kom også tidleg, allereie i 1994.

Seinare vart det meir konkurranse, då fleire søkjemotorar vart tilgjengelege, som WebCrawler, Hotbot, Excite, Infoseek, Inktomi og AltaVista. Desse konkurrerte med mellom anna Yahoo!, som var ei rein katalogteneste. Yahoo fekk likevel søkjemotorfunksjon i 2002 (Inktomi), og overtok i 2003 Overture, som åtte AlltheWeb og AltaVista. I 2004 lanserte Yahoo! sin eigen søkjemotor som kombinerte teknologien frå oppkjøpa sine.

Frå sa. 2001 vart Google den mest nytta søkjemotoren, på grunn av fokuset sitt på relevans i presentasjonen av søkjetreffa. Google er framleis den største søkjemotoren på Internett.

Søkjemotorar[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit vell av søkjemotorar på nettet. Dei største er:

  1. Google
  2. Yahoo
  3. MSN

Andre søkjemotorar er Kvasir, Sesam, DMOZ (Open Directory Project), Gigablast, Accoona, AltaVista, AlltheWeb, Overture, Fjalar, Hent.no, Search, Ask Jeeves, Webcrawler, Hotbot, a9, AlltheWeb, Clusty, Ez2Find, Teoma, WiseNut, GoHook, Walhello, Kartoo og Snap.

Av Open Source-søkjemotorar kan ein nemna Htdig, Nutch, Egothor og OpenFTS.

Majestic-12 er ein søkjemotor basert på distribuert indeksering.

Korleis fungerer søkjemotorar[endre | endre wikiteksten]

Søkjemotorar er stadig i utvikling, og dei fleste har betra grunnteknikken som er skildra her. Dette tyder stort sett at dei nyttar andre teknikkar i tillegg til dei som er skildra her.

Dei ulike søkjemotorane er laga forskjellig, men det er to ting dei treng: Ein nettkravlar (web crawler) og ein indeks. Nettkravlaren les ei nettside, identifiserer eventuelle lenkjer, og fylgjer éi av dei moglege lenkjene vidare. «Kommersielle» søkjemotorar har gjerne også ein database med nettsider den tidlegare har vitja, som den vitjar igjen etter ei viss tid. Indeksen er som innhaldslista bak i ei bok, berre mykje større. Den består av alle orda som han har kome over på alle nettsider den har vitja. Kvart av orda i indeksen har ei liste over alle nettsidene der orda finst.

Når nettkravlaren les ei ny nettside vert ho lagt til i søkjemotoren: Søkjemotoren registrerer alle orda som finst i dokumentet. For kvart av orda, vert nettsida lagt til i lista over stader dette ordet finst. Det vil til dømes seia at dersom nettkravlaren les ei side med 50 ord som finst ein eller fleire gonger, så vert nettsida lagt til i førekomstlista til alle desse 50 orda.

Nettkravlarane har gjerne sider dei byrjar på, men mesteparten av kravlinga vert gjort langs lenkjer han finn i sidene som han les. Dette tyder at ein nettkravlar berre registrere dei sidene som det finst ei lenkje til.

Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Søkjeteknikkar[endre | endre wikiteksten]

Når ein søker har ein vanlegvis anten problem med at ein får for mange eller for få treff. Taktikken for å få til eit godt søk bør tilpassast situasjonen. Det er vanskeleg å vita om eit søk er for generelt eller for spesifikt, derfor er det ofte greit å berre prøve, og velja vidare taktikk basert på dette.

I alle søkjemotorar oppgjev ein ord ein er interessert i. Dersom du ynskjer å finne ei side om bil, så kan du skrive inn bil i søkjefeltet. Ynskjer du å lesa om engelske bilar, så kan du skrive engelske bilar i søkjefeltet. Dersom du får mange hundre treff, så er du for generell. Får du ingen treff er du for spesiell.

Løysingar på for mange treff[endre | endre wikiteksten]

  • Legg til fleire ord. Dersom du berre har skrive «bil», er ikkje det veldig spesielt. Er du interessert i sider om Ford Escort med feil under tomgang, så søk på: «Ford Escort feil tomgang»
  • Byt frå generelle til meir spesielle ord. dersom du har skrive «ferie» men eigentleg er interessert i charterturar, så skriv «chartertur» i staden.
  • Legg til ord du trur finst på sider som kan vera relevante. Dersom du skriv «chartertur» får du sikkert opp ein del sider som er reisereferat frå privatpersonar, dersom du legg til ord som «avreisetidspunkt», «pris» eller «bestill» er det meir sannsynleg at du får opp sider som tilbyd charterturar.
  • Legg til på båe sider av ordet. dersom du leiter etter «Per Hansen», så er du ikkje interessert i alle sider som omtalar anten Per, Hansen eller Per Olsen og Ole Hansen. Når du legg til '' rundt orda finn søkjemotoren berre dei dokumenta der orda finst nøyaktig i den rekkefylgja du har oppgjeve.

Løysingar på for få treff[endre | endre wikiteksten]

  • Sjekk stavemåten. Har du nytta eit vanleg ord, du reknar med finst mange stader, så har du truleg stava feil. Finn rett stavemåte og prøv igjen.
  • Sjølv om menneske forstår at «merkeleg» og «rar» tyder det same, så forstår ikkje søkjemotorar vanlegvis det. Prøv å nytte synonym til ordet du leiter etter.
  • Mesteparten av internett er ikkje på norsk. Med mindre ordet du søker etter er likt på norsk og engelsk leiter søkjemotoren berre etter dokument på språket du har skrive søkjeordet på. Dersom du kan lesa engelsk kan du prøve å omsetje søkjeordet til engelsk og søkje igjen.
  • Dersom du har nytta ' på begge sider av eit søkjeord kan det vera lurt å fjerne ' teikna. Detta opnar for at sider der «Per Hansen» berre er nemnt som «Per» eller «Hansen» også kjem opp.
  • Det er ikkje alltid at ei nettside som er om noko, nemner det den omtaler. Prøv å søk etter ord du trur vil finnast i sida du leiter etter.

Korleis kombinere søkjeord[endre | endre wikiteksten]

  • Pluss og minus: Pluss (+) framfor eit ord gjer at ordet vera med i søkjeresultatet, minus (-) gjer berre treff der detta ordet ikkje er med.
  • Hermeteikn: Sett ein fleire ord i hermeteikn (t.d. "test av Ford Mondeo"), søkjer søkjemotoren etter denne spesifikke ordkombinasjonen.
  • Boolske søk: Ved bruk av fleire søkjeord, kan ein legge inn t.d. AND, OR eller NOT mellom orda. AND tvingar søkjemotoren til berre å vise treff der alle ord er representert. NOT framom eit søkjeord tek bort treff der dette ordet er med. Google nyttar automatisk AND mellom søkjeord, sjølv om dette ikkje visest.

Korleis verte rangert høgt i ein søkjemotor[endre | endre wikiteksten]

Før ein kan tenkje på å verte rangert høgt i ein søkjemotor, må nettsida koma opp i det heile teke. For at detta skal skje, må det vere nokon lenkjer som peiker til sida. Dersom det ikkje er nokon lenkjer til sida finst den ikkje sett frå ein nettkravlars synsvinkel. Google nyttar talet andre sider som lenkjer til ei side, samt kor mange som lenkjer til sida som lenkjer til di side for å finne ut kor høgt dei skal rangere sida. Enkelt forklart tyder det: Jo fleire som har lenkjer til di side, jo høgare opp vil sida di kome på resultatlista.

For å oppnå betre rangering i søkjemotorar som Google, Yahoo!, MSN Søk og fleire kan du fylgje oppskrifta under for å auke moglegheitene dine til å klatre på resultatsidene.

1. Det viktigaste med ei god nettside er tittelen

<title>-antibutten i head-tagen er ein av dei viktigaste på ei nettside. Det er det dei som søker etter innhald fyrst vert presentert med. Har du t.d. skriv om kor bra Mac er er det dumt med titlar som «Annes supre heimeside» eller klassikarfeilen «Welcom to Adobe GoLive 6!». Ha ein tittel som beskriver innhaldet på akkurat den sida som vert vist. W3C er også einig med søkjemotorane her.

2. Tittel bør passe over eins med adresse

Tittelen til sida bør passe med dokumentadressa. T.d. bør dokumentet med tittelen «Kakesal for cøliakarar i Noreg» lagrast som «kakesal-for-cliakarar-i-noreg.html» – som du kan sjå så er det berre å hoppe over evt. særlege symbol som Æ, Ø og Å.

3. 15 gyldene lykjeler og andre lykjeler

Indeksdokumentet bør innehalde meta-data med 15 lykjelord. Alle desse lykjelorda bør vera å finne igjen på sjølve indeksdokumentet. Alle andre dokumenter bør ha minst 5 lykjlord som går igjen igjenom dokumentet. NB: Ikkje nytt generelle ord som «eg», «og», «hun»...

4. Strukturer nettsida di riktig

Du bør nytte standard strukturformat på sida. Det vil seie nytt h1-6 på yvirskrifter og kvar paragraf i eigne p-tager. Uthev viktige ord. T.d.: «eg og hunden min mista hundematen i sanden».

Ingen kan garantere eit betre resultat, men uppskrifta yvir kan hjelpe deg på veg uppyvir i resultatlista. Er eit godt resultat veldig viktig bør du sambinde deg med «profesjonell» hjelp.