Sølvglans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sølvglans, tidlegare glaserts, er eit mineral og ein særs viktig sølverts som består av sølvsulfid, Ag2S, med 87 % sølv. Fargen er mørk blygrå med matt metallglans. Sølvglans lèt seg skjære som bly (hardleik 2–2½), tettleiken er kring 7,3 g/cm3.

Det finst på dei fleste sølvførekomstane i verda, til dømes i Tyskland (Freiberg i Sachsen, Andreasberg i Harz), Kremnica i Slovakia, i USA (Comstock Lode i Nevada, Colorado), i Mexico, Peru og Bolivia. Det finst på Kongsberg saman med gedigent sølv.

Sølvsulfid opptrer i kubisk form frå 179–586 °C, og vart tidlegare kalla argentitt, men denne forma er ustabil og finst ikkje som eige mineral. Under 179 °C er ein monoklin form stabil, akanthitt. Naturleg sølvglans består for ein stor del av paramorfoser av akanthitt etter den kubiske forma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]