Søm kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°9′4.46″N 8°4′33.41″E

Søm kyrkje
Søm kirke
Som-kirke.JPG
Søm kyrkje
Foto: CarstenR
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Kristiansand domprosti
Sokn Randesund
Fellesråd Kristiansand
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Arild Lauvland og Arne Åmland
Material Teglstein
Innvigd 28. november 2004
Kyrkjegard Nei
Preikestol Av metall
Døypefont Av granitt, laga av Kjell Nupen
Altartavle Biletfrise (glasmåleri) av Kjell Nupen, som òg står for altaret, av granitt
Orgel Bruno Christensen, 2005[1]
Sitjeplassar 400-650[2]
Wikimedia Commons: Søm kirke

Søm kyrkje er ei arbeidskyrkje i Kristiansand kommune i Vest-Agder.

Arkitektane Arild Lauvland og Arne Åland har samarbeidd tett med kunstnaren Kjell Nupen, som har laga glasmåleri til kyrkja. Prosjektet er kalla «Frå mørkre til lys». Som altartavle fungerer ei 1,8 meter brei biletfrise som strekker seg opp i taket og heilt bak i kyrkjesalen. Til saman har kyrkja om lag 80 kvadratmeter med glaskunst.

Kyrkjesalen kan koplast saman med kyrkjetorget utanfor, og bygningskomplekset husar òg ei lita kyrkjestove, eit kapell, aktivitetsrom, kontor mm. I kyrkjestova er ein biletvev laga av Else Marie Jakobsen.

Det er ikkje kyrkjegard på staden. Ein nyttar kyrkjegarden ved Randesund kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Pål Repstad og Elise Seip Tønnessen, red. (2013). «Søm kirke, Kristiansand». Hellige hus. Oslo: Cappelen Damm akademisk. s. 71–75. ISBN 978-82-7634-984-9. 
  • Kyrkjesøk

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå spesifikasjonar.
  2. Randesund kyrkjelyd.