Søgne gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°5′26.095″N 7°50′31.841″E

Søgne gamle kyrkje
kyrkje
Sögne 06 søgne gml kirke 85037.jpg
Foto: Erlend Bjørtvedt
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Kommune Kristiansand
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark bispedøme
Prosti Kristiansand Domprosti
Sokn Søgne
Fellesråd Søgne
Type Langkyrkje
Teknikk Panelt bindingsverk
Material Tre
Innvigd 1640-talet
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 270
Diverse Renessansemåleri i skip og kor

Søgne gamle kyrkje
58°5′26″ N 7°50′32″ E
Wikimedia Commons: Søgne gamle kirke

Søgne gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre frå rundt 1640 i Kristiansand kommune, Agder. Ho tilhøyrer Søgne sokn, som er ein del av Mandal prosti i Den norske kyrkja.[1] Ho er likevel ikkje lenger soknekyrkje, men er nytta til mellom anna bryllaup og dåp. Kyrkja er freda.[2]

Kyrkja er i panelt bindingsverk med 270 sitjeplassar. Skipet har rike vegg- og takdekorasjonar frå 1600-1700-talet.

Søgne gamle kyrkje is located in Vest-Agder
Plasseringa til Søgne gamle kyrkje

Sannsynlegvis har det vore ei kyrkje her tidlegare. Eit skiftebrev syner at det var prest og kyrkje på staden i 1344.[3]

Søgne prestegjeld blei skipa i 1604, før kyrkja som står no vart reist.

1814[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja fungerte som valkyrkje i samband med vala til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Bak kyrkja blei det reist eit minnesmerke over Syvert Omundsson Eeg 17. mai 1914. Eeg representerte Søgne på riksforsamlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Søgne gamle kirke». Kyrkjesøk. Henta 30. oktober 2014. 
  2. Søgne kyrkjestad i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  3. Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Søgne gamle kirke». Våre kirker - norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 461. ISBN 82-75-27022-7.