Søndre Langåra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°45′18″N 10°33′47″E

Søndre Langåra med Søndre Langåra tåkeklokke til høgre
Foto: Jacob Munk-Stander

Søndre Langåra er ei lita øy på 0,25 rutekilometer som ligg aust i Oslofjorden, eit stykkje veg rett nordaust for Fagerstrand i Nesodden kommune, men som høyrer til grannekommunen i sør, Frogn kommune. På øya er det fritidshytter og ei freda tåkeklokke, ei mekanisk innretning som i farne tider slo sine klokkeklemt når det var tåke for å rettleie båttrafikken om leia og åtvare mot å segle på grunn.

For å skilje denne øya frå ei anna øy lenger nord i Oslofjorden som òg heiter Langåra, Langåra i Asker kommune, har desse to øyane fått som offisielle namn Søndre Langåra og Nordre Langåra, sjølv namna på øyane i den lokale talen berre er Langåra. I motsetnad til Søndre Langåra, er Nordre Langåra eit mykje nytta friluftsområde utan hyttar og privat eigedom, og soleis meir kjend for folk flest enn Søndre Langåra.