Langåra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Døme på fjellformasjonane på Langåra (Nordre Langåra). Laga som i si tid var så godt som horisontal havbotn, står no vertikalt.

Langåra, eller Nordre Langåra, er ei 2 kilometer lang og 200 meter brei øy i Asker kommune, og ei av dei større øyane i Indre Oslofjord. Namnet Nordre Langåra vert nytta på kart og i andre samanhengar for å skilje denne øya frå ei anna øy sørover i Oslofjorden med same namnet, men som høyrer til Frogn kommune, og som formelt har fått namnet Søndre Langåra. Men i lokal daglegtale vert for det meste berre namnet Langåra nytta i båe høve.

Langåra i Asker ligg heilt aust i kommunen, skild frå øya Brønnøya innanfor med eit sund, Langårsundet, som på ei strekning vidare seg ut til det som vert kalla Middagsbukta, som er eit populært sted å ankre opp for fritidsbåtar som skal ha seg ein pause på turen på fjorden. Særleg Sankt Hanskvelden ligg det så tett med båtar her ved mange høve at det er sagt at ein kan gå turrskodd over bukta. Aust for Langåra ligg Høyerholmen. òg ei øy i Asker kommune, og rett sør ligg øyane Skaueren og Terneholmen. I vest ligg fem holmar, med Spannlokket som den næraste. Korkje Langåra eller granneøyane har vegsamband med andre øyar eller med fastlandet.

I geologisk meining ligg Langåra på kanten av Oslofeltet som ei langstrakt øy i sørvest-nordaustleg retning. Her er det for det meste folda havbunnsavsettingar frå kambrosilur, vende om lag 90°, med mykje skifer og kalkstein. Fram til etter andre verdskrigen var det enkel gruvedrift på øya, då kalksteinen kunne nyttast industrielt. Den gode kalksteinsgrunnen gjev frodig vegetasjon, og det veks mykje lauvskog her. I 2008 vart areal sørvest og nordaust på øya freda som naturreservat.

Oslo kommune kjøpte i 1923 heile Langåra som friluftsområde, og øya er særs populær, særleg for båtfolket, som finn seg plassar langs svaberga å legg til; andre må nytte seg av ei båtrute som berre går i sommarsesongen. Det er korkje private hytter eller hus på øya, og soleis ingen fastbuande, men i tidlegare tider var det ikkje uvanleg at hundrevis av familiar frå særleg Oslo, men òg Bærum og Asker, kunne leggje seg til her om sommaren med enkle telt eller med usle hytter lagd av papp med listverk, som kunne vere til sjenanse for andre og forsøple øya. Tidlegare var det òg eit matvareutsal på øya, på «Butikken», som i dag vert disponert av Oslofjordens Friluftsråd som eit hus til utleige for feriegjestar. Organisasjonen Norsk Folkehjelp har vaktstasjon med førstehjelparar på Langåra i sommarsesongen.