Nesodden kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesodden kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Nesoddtangen
Areal 61 km²
Folketal 19 287 (1. januar 2018)
Folketettleik 316 / km²
Målform bokmål
Ordførar Nina Sandberg (Ap)
Kommunenr. 0216
NO 0216 Nesodden.svg
Wikimedia Commons: Nesodden
Nettstad: www.nesodden.kommune.no

Nesodden er ein kommune i Akershus fylke. Nesodden er òg namnet på den halvøya som kommunen ligg på. Halvøya har Indre Oslofjord (Oslofjorden) på vestsida og Bunnefjorden på austsida, og grensene mot grannekommunane Frogn i Akershus fylke, Røyken i Buskerud fylke, Asker og Bærum i Akershus fylke, Oslo (fylke og kommune) og Oppegård i Akershus fylke går i desse fjordområda. I sør, der kommunen er landfast, grensar han òg til Frogn kommune.

Flyfoto frå 2015 av nordre luten av kommunen og halvøya med mellom anna det tettbygde området Nesoddtangen, der det går passasjerferje til Oslo.
Nesodden mellomalderkyrkje
Foto: C. Christensen Thomhav/Riksantikvaren

Kring ¾ av flatevidda er skog og utmark. Innbyggjarane har difor eit godt tilbod av friluftsområde både på land og ved sjøen. 86 % av innbyggjarane bur i tettbygde strok. I tillegg er det mange fritidseigedomar og hytter i kommunen.

Nesoddtangen (Tangen/Tangenbyen) ligg heilt nord i kommunen. Bjørnemyr, Fjellstrand, Spro og Fagerstrand ligg på vestsida med flott utsikt over Oslofjorden. På austsida er det nesten samanhengjande busetnad frå Tangen via Oksval, Ursvik, Hellvik, og Berger til Jaer og Blylaget.

Saman med Enebakk, Frogn, Oppegård, Ski, Vestby og Ås utgjer Nesodden den delen av Akershus som vert kalla Follo.

Nesodden og Oppegård var tidlegare ein kommune, men vanskeleg reiseveg mellom Oppegård og Nesodden tvinga fram ei deling. I 1915 vart Oppegård skild ut som eigen kommune.

På Nesodden finst fleire område med eikeskog. Dette er truleg dei nordlegaste store eikeskogane på Austlandet og i Noreg. Dei lokale namna Eklund og Ekelund kjem av eikeskogen.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Medan det er kring 40 km til Oslo langs landevegen, er det berre 7 km over fjorden. Ei reise med moderne snøggbåt tek kring eit kvarter. Det er båtsamband med mange avgangar. Nesodden har som ein av få kommunar på Austlandet svært mange båtpendlarar.

A/S Nesodden-Bundefjord Dampskipsselskap som dreiv sambandet fram til 2009 hadde 2,4 millionar passasjerar årleg på ruta frå Nesoddtangen til Aker Brygge. I tillegg vert det drive ei rute til Lysaker med 200.000 reisande. I 2009 tok Tide over konsesjonen på sambandet, til dels med nye båtar. No vert sambandet drive av ferjeselskapet Norled AS.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Jord-, skogbruk og fiske var tidlegare dei vanlege næringsvegane på Nesodden. I tillegg dreiv ein med saltbrenning og isdrift. Saltbrenning tyder innkoking av sjøvatn. Grunnlaget for dette låg i at vatnet i Bunnefjorden hadde spesielt høgt saltinnhald. I tillegg var tilgangen på ved og torv til brensle god. Frå kring 1850 skar ein is frå vatn og tjern vinterstid. I åra frå 1895 til 1905 låg den årlege produksjonen på heile 45.000 tonn. I dag er det berre 0,6 % av folkesetnaden som er sysselsett i primærnæringane. 87 % arbeider i tertiærnæringar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!