Sør-Mesna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sør-Mesna
innsjø
Sør-Mesna.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Ringsaker
Høgd over havet 520 moh
Areal 6,91 km²
Kystlengd1 20,74 km
Koordinatar 61°05′27″N 10°42′17″EKoordinatar: 61°05′27″N 10°42′17″E
Wikimedia Commons: Sør-Mesna
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Sør-Mesna er ein innsjø som ligg i Ringsaker kommune i Hedmark. Han er 7,6 km lang og 1 km brei og er avgrensa på sørsida av ganske steile breidder. Langs den nordlege breidda ligg busette strøk. I sjøen finst aure, åbor og gjedde.

Sjøen har utløp i vestenden og her renn vatnet gjennom Bustokkelva ut i Nord-Mesna, og derfrå vidare gjennom elva Mesna ut i Mjøsa ved Lillehammer.

Birkebeinertraséen går på nordsida av Sør-Mesna og Nord-Mesna nedover mot Lillehammer.