Sørheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sørheim
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster

Sørheim
61°25′16″ N 7°29′34″ E

Sørheim er ei bygd som ligg på sørsida av Lustrafjorden i kommunen Luster i Vestland fylke. Bygda har om lag 15-20 innbyggjarar. Sørheim ligg om lag 10 kilometer frå bygda Skjolden, og cirka 194 kilometer frå havet. «Den romantiske vegen» som startar på Skjolden, og endar på Ornes, går forbi Sørheim. Bygda har eit eige grendelag og grendehus, der befolkninga kan møtast.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste sørheimingar livnærte seg tidlegare av jordbruk. No er det to store bærhagar. Ein bonde har sau, og ein har kyr. To personar er kommunalt tilsette. Ein er båtbyggar. Tre av innbyggarane går i grunnskule/barnehage. Resten er pensjonistar/trygda. For ca.130 år sidan budde det over 200 personar her, så det er god plass til fleire.

Saftfabrikken på Sørheim[endre | endre wikiteksten]

På Sørheim ligg den første saftfabrikken til Lerum AS. I 1905 starta Kari og Nils H. Lerum saftfabrikken. Dei opna ein landhandel i kjellaretasjen, og mottok bær for vidaresending med båt frå Bergen. Ein sommardag i 1907, sto det att nokre kassar med bær på kaien. Det var då Kari og Nils fekk idèen om å lage saft og syltetøy av bæra. I 1909 bygde dei safthuset, og dei byrja verkelg og lage saft. Men isen på Lustrafjorden om vinteren var problemet. I 1919 sag dei seg derfor nøydt til å flytte produksjonen til Sogndal.

Segnet om Lausaberget[endre | endre wikiteksten]

Høgt over Sørheim, på eit av fjella er det eit berg som heiter Lausaberget. Det seiest at ein dag kjem Lausaberget til å rase, å ta med seg halve Sørheim, og heile Leri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]