S-chanf
| S-chanf | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | Graubünden | ||
| Distrikt | Maloja | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
137,90 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
712 5,2 /km² | ||
| Koordinatar | 46°37′0″N 9°59′0″E / 46.61667°N 9.98333°E | ||
| Høgd over havet | 1660 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 7525 | ||
| Nettstad: www.s-chanf.ch | |||
S-chanf (tysk Scanfs; italiensk Scanevo) er ein kommune i distriktet Maloja i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 712 innbyggjarar (2010) og eit areal på 138 km². Kommunesenteret ligg 1660 meter over havet.
Ved folketeljinga i 2000 gav nesten 52% av innbyggarane opp retoromansk som deira daglege talemål. Tilbakegangen for retoromansk har vore stor dei seinare tiåra, medan tysk vert talemål for stendig fleire, over 37% i 2000. I 1980 var oppslutninga om det to talemåla 74% retoromansk mot 16% tysk.
Kommunen ligg i Oberengadin kreis ved elva Inn og utløpet til Casannapasset. Han består av gatelandsbyen S-chanf med busetnadane Cinuos-chel og Susauna. Susauna ligg langs vegen til Scalettapasset, ei historisk internasjonal handelsrute.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «S-chanf» frå Wikipedia på tysk, den 24. oktober 2011 og «S-chanf» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.s-chanf.ch
- S-chanf på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
