Sabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Offiserssabel frå den franske marinen på 1800-talet
Säbelmensur, sabelfekting blant studentar. Måleri av Georg Mühlberg frå rundt 1900.

Sabel er eit sverd med einegga, som regel bøygd klinge og usymmetrisk feste. Sablar kan ha sterkt krumma klinge, mindre krum eller rett klinge.

Ordet «sabel» kjem frå tysk og er truleg avleidd av ungarsk szabni, 'skjere'. Våpenet stammar frå Asia, og hadde opphavleg sterkt krumma klinge. Denne typen kan også kallast krumsabel. Etter at sabelen blei innført i Europa blei krumminga gjort mindre, til ein også hadde våpen med rette klinger.

Sabelen kom i bruk som sidevåpen for europeisk befal og meinige frå 1700-talet. Han gjekk i stor grad over til å bli eit paradevåpen på 1800-talet, men i kavaleri var han i bruk fram til 1900-talet.

I Noreg er sabel del av gallauniform for Hæren og Sjøforsvaret.

I fektesport bruker ein den lette ungarske konkurransesabelen som eit kombinert hogg- og stikkvåpen. Sabelfekting for menn var OL-øving frå 1896, for kvinner frå 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sabel
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.