Sabine-elva på New Zealand
Sabine | |||
Sabine River | |||
elv | |||
Utsikt oppetter Sabine Valley
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Kjelde | East Branch, Mount McKay | ||
• høgd | 1 820 moh. | ||
Munning | Lake Rotoroa i Tasman | ||
• høgd | 450 moh. | ||
Sabine River på New Zealand 41°54′20″S 172°40′29″E / 41.9055°S 172.6746°E | |||
Wikimedia Commons: Sabine River |
Sabine-elva ligg på Sørøya på New Zealand. Ho renn gjennom Nelson Lakes National Park.
Elva har to sidegreiner, East Sabine og West Sabine. West Sabine renn ut or innsjøen Lake Constance, og Blue Lake. Dei to elveløpa møter kvarandre i Sabine Forks, og renn inn i Rotoroasjøen. Bortsett frå øvst, der elva renn gjennom ope tussockland og krattskog, renn ho gjennom naturleg oppvaksen bøkeskog. Elva er ikkje farbar på grunn av dei steinute fossefalla gjennom mesteparten av elveløpet.
Det går ei tur-rute langs elva,[1] og ho dannar den vestlege greina av turruta Travers-Sabine tramping circuit. Denne ruta startar vanlegvis frå Saint Arnaud ved nordenden av Rotoitisjøen, og følgjer løpet til Travers-elva, går over det subalpine fjellpasset Travers Saddle (1787 moh.), derfrå nedetter East Sabine Valley og Sabine Valley til Rotoroasjøen. Ei rute går også oppetter West Sabine til Blue Lake. Denne ruta held fram over Waiau Pass, og bind seg til slutt saman med Saint James Walkway og Lewis Pass.
Tre villmarkshytter ligg i Sabine Valley: Sabine Hut (på breidda til Lake Rotoroa, nær munningen til Sabine); West Sabine Hut (nær Sabine Forks) og Blue Lake Hut.
Økologi
[endre | endre wikiteksten]Der er eit variert plante- og fugleliv i Sabine River Valley.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jim DuFresne (2002). Tramping in New Zealand (5 utg.). Lonely Planet Series. s. 186.
- Denne artikkelen bygger på «Sabine River (New Zealand)» frå Wikipedia på engelsk, og «Sabine River (Neuseeland)» frå Wikipedia på tysk den 23. februar 2014.