Nelson Lakes National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nelson Lakes National Park
Plasseringa til Nelson Lakes National Parks
Plasseringa til Nelson Lakes National Parks
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Tasman
Oppretta 1956
Geografi
Flatevidd
 - Nasjonalpark

1020 km²
Koordinatar 41°49′09″S 172°15′15″EKoordinatar: 41°49′09″S 172°15′15″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Næraste by: Saint Arnaud.
Plassering
Nelson Lakes National Park is located in New Zealand

Nelson Lakes National Park ligg på SørøyaNew Zealand.

Parken vart oppretta i 1956 og dekkjer 1 020 km². Han ligg kring to større innsjøar, Rotoiti og Rotoroa, og omfattar også dalstrôk omkring, som til dømes langs elvene Travers, Sabine og D'Urville, dei øvre elvefara til Matakitaki, i tillegg til fjellrekkjer som Saint Arnaud Range og Mount Robert. Parken er eit populært område for camping, fotturar og sportsfiske.

Parken er administrert av det newzealandske miljødepartementet, Department of Conservation (DOC), som òg driv eit informasjonssenter i Saint Arnaud, der ein kan få oppdatert og påliteleg informasjon om alle aspekt ved nasjonalparken[1].

Tilkomst til parken[endre | endre wikiteksten]

Hovudtilkomsten til Nelson Lakes National Park er frå Lake Rotoiti og busetnaden Saint Arnaud, ved Highway 63, om lag 100 kilometer frå både Nelson og Blenheim. Ei anna rute går frå Lake Rotoroa, og tek av frå New Zealand State Highway 6 ved Gowanbridge. Der er bussruter mellom Saint Arnaud, Nelson, Blenheim og Picton.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Dei største leirplassane er ved breiddene til Lake Rotoiti, der er òg mindre plassar ved Lake Rotoroa.

Der er eit nettverk av fotturruter gjennom parken. Rutene varierer frå korte naturstiar ved Lake Rotoiti og Lake Rotorua, til fleire dagars villmarksturar. Av dagsturar er runden kring Lake Rotoiti, og turar opp på Saint Arnaud Range og Mount Robert. Dei mest populære langdistanserutene er Travers-Sabine Circuit og andre rundar kring Lake Angelus [2].

Andre aktivitetar i parken er fjellklatring, båtsport, sportsfiske og terrengsykling[3].

Rotoiti Mainland Island[endre | endre wikiteksten]

Rotoiti Mainland Island er eit prosjekt som består av 825 hektar bøkeskog kring Lake Rotoiti. Prosjektet tek sikte på å fjerna innførde skadedyr som røyskatt, possum, veps og gnagarar, og oppattretta naturleg vokster av skogar og dyreliv.

Panoramautsikt over Lake Rotoiti og Saint Arnaud Range frå Robert Ridge
Panoramautsikt over Lake Rotoiti og Saint Arnaud Range frå Robert Ridge

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Walks in Nelson Lakes National Park. Department of Concervation (Februar 2012). Vitja 23.juni 2013..
  2. Travers-Sabine Circuit. Department of Concervation (2013). Vitja 23. juni 2013.
  3. Nelson Lakes area MTB Trails. Department of Concervation. Vitja 23. juni 2013..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]