Sagrada Família

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sagrada Família sett frå vest
Himlinga i midtskipet

Temple Expiatori de la Sagrada Família, til dagleg Sagrada Família (Den heilage familie), er ein romersk-katolsk basilika i Barcelona, teikna av den katalansk-spanske arkitekten Antoni Gaudí. Gaudí sitt arbeid med kyrkje-bygninga er del av UNESCO sin verdsarv. I november 2010 vart kyrkja vigd til basilika av pave Benedikt XVI.

Bygginga av Sagrada Família tok til i 1882. Gaudí tok over leiinga i 1883 då den opphavlge hovudarkitekten gjekk av. Gaudí endra byggestilen kraftig, han utforma ein særeigen arkitektonisk stil der han kombinerte former inspirert av både gotikken og jugendstilen.

Mindre enn ein fjerdedel av bygninga stod ferdig då Gaudí døydde i 1926. Framdrifta i byggearbeidet gjekk sakte, etter som det var basert på midlar innsamla frå private. Arbeidet stoppa opp under den spanske borgarkrigen og kom så smått i gang att i 1950-åra. Fyrst i 2010 stod bygninga halvferdig. Planen er at Sagrada Família skal stå ferdig i 2026, hundre år etter Gaudís død.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]