Sakralbygg


Sakralbygg (frå latin sacer, 'heilag') er byggverk med religiøse føremål, som samlingsstader for bøn, gudsteneste, meditasjon, offerhandlingar og anna. Slike bygningar kan reknast som stader der ei høgare makt er til stades, og kan derfor også kallast for gudshus.
Omgrepet «sakralbygg» oppstod frå kultur- og kunstvitskap og fungerer der som motsats til profane bygg, eller byggverk med verdslege funksjonar. Særleg for bygningsanlegg og stadar frå urtid og forhistorie finst òg omgrepet kultstad (kultplass). Ei vanleg nemning for sakralbygg i mange religionar, og delvis òg kristne kyrkjesamfunn, er «tempel». I tillegg er det mange meir eller mindre frittståande byggingar (altar) og monument) som er bygde av religiøse grunner. Også med graver kan vera sakralbygg, slik ein mellom anna ser i det gamle Egypt.[1]
Ulike religionar har utvikla sine typar sakralbygg, som kristne kyrkjer, muslimske moskear, hindutempel, buddhistiske stupaer og jødiske synagogar. Utforminga deira er bestemt både av bruk, tradisjon og symbolikk. Medan nokre sakralbygg er blant dei mest storslåtte og varige laga av menneskja, kan dei også vera flyktige, intime og private stader for personleg bruk.
I den kristne arenaen oppfyller sakralbygningar, ifølgje Richard Kieckhefer, tre funksjonar: dei er uttrykk for den fellesskapsbyggjande funksjonen til ei religion, ved å gje ein plass til å forkynna religionen til tilhøyrarane sine og eit rom for felles sakral handling. Dei skaper òg høve for truande til å få samband med ein transcendent motpart.[2]
Sakralbygg frå ulike religionar
[endre | endre wikiteksten]Nokre døme frå ulike religiøse tradisjonar er:
- I buddhismen er pagode, stupa eller chörten eit symbol for Buddha.
- Frå jødedommen kjenner ein til tempelet i Jerusalem og synagoger frå hellenistisk tid av. Frå reformrørsla på 1900-talet er desse siste òg blitt kalla «tempel».
- I kristendommen kan ein fyrst og fremst nemna kyrkjer, domkyrkjer, basilikaer, kloster, kapell og Münster/minster, Dom/duomo. Frikyrkjer brukar òg ord som bedehus, ofte òg kommunehus eller kommunesenter.
- Innan islam er sakralbygg muslimar samlar seg i for bøn kjende som moskéar. Medlemmar av sufi-brorskap kan òg samlast i ein tekke. Muslimske mausoleum inkluderer qubba og turb.
- Parsismen har eldtempel.
- Bahaiar byggjer tempel og heilage gravstader.
- Hindutempel og skrin blir nytta i hinduismen
- I det gamle Egypt hadde ein ikkje berre ha tempel, men òg pyramidar og gudstelt.
- Zigguratar er kjende frå Mesopotamia.
Vanlegvis blir kloster sett på som sakralbyggingar i arkitektonisk og religiøs historie for ulike religionar (buddhisme, kristendomen, hinduismen).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sacred architecture» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Sakralbau» frå Wikipedia på tysk, den 2. juni 2025.
- Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene:
- Wilfried Koch: Baustilkunde – Europäische Baukunst von der Antike bis zur Gegenwart. 27. Auflage 2006, ISBN 978-3-577-10089-2.
- Phyllis Richardson: Neue sakrale Architektur: Kirchen und Synagogen, Tempel und Moscheen. Stuttgart 2004, ISBN 978-3-421-03494-6.
- Rudolf Stegers: Entwurfsatlas Sakralbau. Basel 2008, ISBN 978-3-7643-6684-1.
- Rudolf Stegers: Bibliographie Sakrale Gebäude: Kirchen, Synagogen, Moscheen, Häuser der Stille, Friedhofsbauten. 1970–2009. Band 53 von Ästhetik – Theologie – Liturgik, Münster 2011, ISBN 978-3-643-10517-2.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Interfaith Forum on Religion, Art and Architecture American Institute of Architects
- Architecture, Culture & Spirituality
- Sacred Architecture online journal