Salhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salhus
stad
Salhus.jpg
Salhus ved Salhusfjorden

Foto: Bent Sigmund Olsen

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 725 (2017)
Postnummer 5107 SALHUS
Preposisjon i Salhus
Gardnummer 177

Salhus
60°30′25″ N 5°16′10″ E

Salhus er ei bygd i Åsane bydel i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden er kjend for tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik, der det var produksjon frå 1859 til 1989. Delar av fabrikklokala er gjort om til Norsk Trikotasjemuseum, og administrasjonen til Museumssenteret i Hordaland[1] og konserveringsateliera Bevaringstenestene for musea i Hordaland[2] ligg også i fabrikkanlegget. Statistisk Sentralbyrå reknar Salhus som ein del av den samanhengande tettstaden Bergen, og fører difor ikkje folketalsstatistikk for staden. Så godt som heile tettstaden ligg innanfor grensene til matrikkelgarden Salhus, som i 2001 hadde 725 innbyggjarar. I 1960 var dette talet 1149 innbyggjarar.[3]

I 1954 vart ferjesambandet Salhus-Frekhaug-Flatøy oppretta. Ferjekaien i Salhus vart nedlagd i 1985.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.muho.no
  2. http://www.muho.no/bevaringstenestene
  3. Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 169

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]