Hopp til innhald

Flatøy

Flatøy
Geografi
StadKvernafjorden
Koordinatar60°32′25″N 05°15′37″E / 60.54028°N 5.26028°E / 60.54028; 5.26028
Areal2,2 km²
Høgaste punktHåøytoppen (171 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeVestland
Demografi
Folketal492 (2023)
Folketettleik224 /km²
Sjå òg Flatøy (omdirigering), Flatøya og Flatøyna

Flatøy (eller Flatøyni) er ei øy på 2 kvadratkilometer i Alver kommune i Vestland. Øya er no eit trafikk-knutepunkt med bruer over Hagelsundet (250 m) til Knarvik, Nordhordlandsbrua (1610 m) over Salhusfjorden til Bergen, og Krosnessundet bru (391 m) til Holsnøy.

På øya driv Frank Mohn Flatøy AS sin olje- og gassdivisjon, med produksjon av pumper. Flatøy flystasjon vart oppretta i 1917 som base for militære sjøfly, og frå 1920 var den base for Det Norske Luftfartsrederi AS, som dreiv ruteflyging BergenHaugesundStavanger. Etter krigen brukte Thor Solbergs flyselskap basen i nokre år. På den nordvestlege delen av øya låg fortet Håøy. I 1937 vart Flatøy skule opna.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
29 125 389 492

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]