Salina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salina
Salina
Salina
Geografi
Salina is located in Italia
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°33′55″N 14°50′00″EKoordinatar: 38°33′55″N 14°50′00″E
Øygruppe Dei eoliske øyane

Areal 26,8 km²

Høgaste punkt Fossa delle Felci (962 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Messina

Demografi
Folketal 2 300 (2005)
Folketettleik 86 /km²

Salina er den nest største av Dei eoliske øyane etter Lipari i Tyrrenhavet utanfor nordkysten av Sicilia i Italia. Den største byen på øya har same namn. Ho har eit areal på 27 km². Øya er danna av seks no inaktive vulkanar. Dei to yngste og høgaste er kalla Fossa delle Felci (962 m) og Monte dei Porri (860 m). I den greske perioden vart øya kalla Dídyme (Δίδυμη), eit gresk namn som referer til dei to fjelltoppane som «tvillingar». Det moderne namnet kjem frå produksjon av havsalt, som skjedde på sørenden av øya.

Salina er den frodigaste av Dei eoliske øyane og druer frå Salina vert nytta til å lage Malvasiavin. Den lokale varianten heiter Malvasia delle Lipari. Øya eksporterer òg kapers til utlandet.

Det er tre landsbyar på Salina: Santa Marina, Malfa og Leni. Øya har vore busett heilt tilbake til bronsealderen og har vorte utbygd og fråflytta mange gonger gjennom tusenåra. I 1544, då Spania erklærte krig mot Frankrike, bad den franske kongen Frans I, den osmanske sultanen Suleiman om hjelp. Sistnemnde sende ein flåte leia av Khair ad Din (òg kjend som Barbarossa) som slo spanjolane ved Salina og klarte å ta Napoli frå dei. I løpet av desse kampane vart Dei eoliske øyane avfolka. Seinare emigrantar kom frå Italia, Sicilia og Spania. Område på øya, inkludert dei to fjelltoppane, vart ein del av eit naturreservat i 1981. Det bur i dag om lag 2 300 innbyggjarar på Salina.

Michael Radford sin oscarvinnande film Postmannen frå 1994 vart delvis filma på Salina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]