Salmonella
Hopp til navigering
Hopp til søk
Salmonella | |
![]() | |
Systematikk | |
Underrike: | Negibacteria |
Rekkje: | Proteobacteria |
Klasse: | Gammaproteobacteria |
Orden: | Enterobacterales |
Familie: | Enterobacteriaceae |
Slekt: | Salmonella |
Salmonella er ei slekt med stavforma gram-negative bakteriar i familien Enterobacteriaceae. Til slekta vert det rekna to artar, Salmonella bongori og Salmonella enterica; der S. enterica er typearten. I tillegg finst det mange serotypar. Serotypane av Salmonella vert oppgjevne på ein måte som liknar artsnamn, men der namnet på serotypen har stor bokstav og er ikkje skriven med hallande skrift; til dømes Salmonella Typhi (på stuttform).
Salmonella-bakteriar kan valda ymse sjukdomar i både menneske og dyr. Hjå menneske kan dei til dømes valda tyfoidfeber og gastroenteritt.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Agbaje, M.; Begum, R. H.; Oyekunle, M. A.; Ojo, O. E.; Adenubi, O. T. (november 2011). «Evolution of Salmonella nomenclature: A critical note». Folia Microbiologica 56 (6): 497. PMID 22052214. doi:10.1007/s12223-011-0075-4.
Denne biologiartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.