Samaritanarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samaritanarar på Har Gerizím i 2006.
Foto: Mikel Lejarza
Ein samaritanar viser fram den samaritanske Toráen.

Samaritanarar er eit israelittisk folk av samaritansk religion med noverande geografisk utbreiing i Shekhem (Nablus) på Vestbreidda/Samaria og Holon ved Tel-Aviv i Israel.

Uttrykket «samaritanar»[endre | endre wikiteksten]

I den kristne verda er folkegruppa kanskje mest kjend frå Jesus si likning om «den gode samaritanaren». Dermed har ordet «samaritanar» fått tydinga «hjelpsam og godhjerta person» i desse områda, noko som tek vekk litt av tydinga i likninga. Samaritanarane var nemleg sett ned på av Jesus sine samtidige.