Holon
Holon | |||
חוֹלוֹן, حولون | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: (Vesle) sand | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Koordinatar | |||
Areal | 18,927 km² | ||
Folketal | 182 575 (2013) [1] | ||
Folketettleik | 9 646 / km² | ||
Grunnlagd | 1936 | ||
- Bystatus | 1950 | ||
Borgarmeister | Moti Sasson (Labor) | ||
Wikimedia Commons: Holon | |||
Nettstad: holon.muni.il | |||
Holon (hebraisk skrift חוֹלוֹן) er ein by på den sentrale kyststripa sør for Tel Aviv i Israel. Holon høyrer til storbyområdet Gush Dan. I 2011 hadde han 182 575 innbyggjarar.[1] Holon har det nest største industriområdet i Israel, etter Haifa.[treng kjelde]
Innhaldsliste
Etymologi[endre | endre wikiteksten]
Namnet of the city kjem frå det hebraiske ordet holon, som tyder «(vesle) sand». Namnet Holon finst òg i Bibelen: «Holon og Debir med beitemarker» (Josvas bok, 21:15).[2]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Holon vart grunnlagd på sanddyner seks kilometer frå Tel Aviv i 1935.[3] Łódzia tekstilfabrikk vart grunnlagd der av jødiske immigrantar frå Łódź i Polen, i lag med mange andre industriføretak.[3] Tidleg i den arabisk-israelske krigen i 1948 låg Holon ved frontlinja, og det var stadige skotutvekslingar ved grensa til landsbyen Tel A-Rish i nordvest - ein forstad til den arabiske Jaffa. Det var òg samanstøytar i retninga av byen Yazur i aust. Eit åtak på den Holon-baserte Haganah-militsen i Tel A-Rish vart driven attende med store tap. Etter at Israel vart oppretta, vart Holon utvida og tok til seg Tel A-Rish og appelsinlundane i Yazur.
I February 2001 vart åtte israelarar drepne og 25 skadde i eit palestinsk åtak på ein busstopp i Holon.[4]
Biletet av Holon som ein soveby for arbeidarklassen har endra seg gjennom åra. Byen har no vorte ein barnevennleg by med familieattraksjonar som Yamit vasspark, Det israelske barnemuseet og Israelsk museum for karikaturar og teikneseriar.[5]
Idrett[endre | endre wikiteksten]
- Hapoel Holon (basketball) – i øvste divisjon, nasjonal meister i 2008 og cupmeister i 2009.
- Hapoel Tzafririm Holon F.C. (fotball) – Liga Alef [3. nivå]
- Maccabi Kiryat-Sharett Holon (handball) – Liga Leumit [1. nivå]
- Hapoel Holon chess (sjakk) – Liga Leumit [1. nivå]
Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]
Holon er venskapsby med:
|
|
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Holon» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Henta 6. juli 2015.
- ↑ «The Story of Holon:Making Sand Dunes Sophisticated». Isrealli.org. Henta 12. april 2015.
- ↑ 3,0 3,1 The Guide to Israel, Zeev Vilnay, Hamakor Press, Jerusalem, 1972, s.239
- ↑ «Victims of palestinsk Violence and Terrorism since September 2000». Mfa.gov.il. Henta 4. september 2015.
- ↑ Bassok, Moti (November 29, 2013). «Working class Holon aims to attract wealthy home buyers». Haaretz. Henta 4. september 2015.
- ↑ i%20Ohio «Sister Cities International (SCI)» Check
|url=
value (hjelp). Sister-cities.org. Henta April 21 i 2013.