Valmanntalet til Sametinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Samemanntalet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valmanntalet til Sametinget er registeret over alle som har røysterett til valet til Sametinget i Noreg. Det var per 2017 registrert 16 958 personar i manntalet[1]. Frå det vart oppretta i 1989 og fram til 2008 heitte registeret «samemanntalet».

Kriteria for medlemsskap i Samemanntalet[endre | endre wikiteksten]

For å stå i Samemanntalet må ein vere 18 år, sjølv oppfatte seg som same, og anten ha samisk som heimespråk, ha (hatt) forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk, eller vere barn av person som står eller har stått i samemanntalet[2].

Valkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Dei 7 valkrinsane er:

Nr. Valkrins 2017
1. Austre valkrins 2303
2. Avjovárri valkrins 3738
3. Nordre valkrins 2540
4. Gáisi valkrins 2547
5. Vesthavet valkrins 1788
6. Sørsamisk valkrins 1148
7. Sør-Noreg valkrins 2894
Til saman 16 958

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sametingets valgmanntall 2017», www.sametinget.no, henta 25. februar 2019 
  2. «Innmelding i valgmanntallet», www.sametinget.no, henta 25. februar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]