Austre valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Austre valkrins (nordsamisk: Nuortaguovllu válgabiire, bokmål: Østre valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 1. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 2 303 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]

Krinsen femner kommunane Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik i Finnmark fylke.[1]

Ved valet i 2017 vart det vald inn inn fem sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[4] Austre valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Varanger valkrins, med Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord kommunar og Tana valkrins, med Tana, Berlevåg og Gamvik kommunar, i tillegg til Lebesby kommune som tidlegare høyrde til Porsanger valkrins.[5]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Austre valkrins[endre | endre wikiteksten]

Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]