Hopp til innhald

Sametingsbygningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sametingsbygningen

StadKarasjok kommune
Kart
Sametingsbygningen
69°28′15″N 25°29′46″E / 69.470833333333°N 25.496111111111°E / 69.470833333333; 25.496111111111

Sametingsbygningen huser den folkevalde forsamlinga og administrasjonen for Sametinget i Noreg. Bygningen stod ferdig i 2000[1] og vart offisielt innvigd 2. november 2000 av kong Harald V.[2]

Hovudansvarleg for den heilskaplege utforminga og innreiinga var sivilarkitektane Stein Halvorsen og Christian Sundby frå Oslo.[3] Bygningen er 5 300 kvadratmeter, og forma som ein halvsirkel i to etasjar. Bygningen inneheld Samisk spesialbibliotek, resepsjon, møterom og kontor, og plenumssalen til Sametinget.

Sametingsrepresentant Ragnhild Lydia Nystad foreslo i 1993 å bygge ein eigen bygning i Karasjok for Sametinget. Byggearbeidet starta i august 1998 og i juni 1999 la stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl ned grunnsteinen.

Utsmykking

[endre | endre wikiteksten]
Spesialbiblioteket i Sametingsbygningen.

Den kunstnariske utsmykkinga i plenumssalen er eit storslått veggmåleri av Hilde Skancke Pedersen i emalje og bladgull på sink. Veggmåleriet Luottat – Spor av Pedersen finst i og utanfor plenumssalen i Sametinget. Det er sinkplater på betong bak talarstol/podium i plenumssalen (utført i emalje og bladgull på sink) og langs veggane utanfor plenumssalen (foajéen) og i underetasjen utanfor auditoriet, etsa på metallplater. Temaet er basert på arkeologiske spor frå samiske bu- og gravplassar i form av hustufter/sirklar og labyrintar.

Utsmykkinga «Den som...» av kunstnaren Kristin Ytreberg finst på alle veggane i vandrehallen. To element er tatt i bruk: tinnbroderi inspirert av samisk ornamentikk og ordspråk og visdomsord frå J. Quigstads samlingar.

I Sametingets bibliotek står utstilt Kåre Kivijärvi sine fotografi Fra de store banker (1959/1961) og Kvinne (portrett) i Nesseby (1972). Fotografia er kopiar (2004) av original foto 1/9 (d.v.s. den første av ni fotografi av same motiv). Fotografia vart innkjøpte av Utsmykkingsfondet for offentlege bygg i samband med utsmykkinga av Sametingsbygningen i 2000. Dei opphavlege bileta vart skada av sollys, og kopiane av fotografia vart hengde opp våren 2004 i biblioteket.

Sametingsbygningen om vinteren.
Under samemøtet i Trondheim i 1917 måla Astri Aasen 10 bilete; bileta har sidan 1997 hengd i Sametingsbygningen. Her portrettet av Anders Renander (1900-1987) frå Meldal/Trollheimen.

Sametingsbygningen vart tildelt Statens Byggeskikkpris 2001 og Nordnorsk arkitekturpris i 2002. I 2003 vart han tildelt Fiabci Norways Eiendomspris i kategorien offentlege bygg.[4]

  1. «Et vakkert og tidløst bygg». Finnmark Dagblad. 2. november 2000. s. 29-30.
  2. «Ny Sametingsbygning», www.kongehuset.no (på norsk), henta 27. februar 2025
  3. Pulk, Åse M. P., «Arkitektur - Sametinget», sametinget.no (på norsk bokmål), henta 27. februar 2025
  4. «Sametingsbygningen» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]