Ornamentikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ornamentikk frå Emir Bayındır-grava og moskeen i Ahla, bygd i 1491, med søyler, kapitélar og nisjer.
Ornamentikk rundt ein peis i Hardwick Hall i England, bygd av Elizabeth Hardwick mellom 1590 og 1597.

Ornamentikk er dekorasjon laga med ornament, kunsten å ornamentera, eller læra om ornament og nytten av dei i ein viss samanheng. Ornamentikk er ofte prega av ei rytmisk gjentaking av motiv, som ofte kan vera sterkt stiliserte eller enkle, gjerne geometriske, former.[1]

Ornamentikk blir sett i samband med eit objekt, eit rom eller eit landskap, og er gjerne knytt til arkitektur og brukskunst. Ein kan også snakka om ornamentering av levande vesen, som nokre former for kroppsmåling og tatovering.[1]

Ein kan òg nytta «ornamentikk» som ei samanfattande nemning om korleis ornament blir forstått og nytta, dels i ein viss epoke, dels med tanke på måten ornament blir nytta i seriar eller system. Stilisering, rytmisk gjentaking og symmetri er vanlege drag i ornamentikk, og han kan vera skulptert, måla, inngravert og anna.

Tidlege kulturar[endre | endre wikiteksten]

I primitive kulturar dominerer gjerne nonfigurative ornament. Europeisk steinalderkeramikk var til dømes dekorert med boge- eller sikksakklinjer, rutemønster osb. Spiralornament var karakteristiske for den norrøne bronsealderen.

Den nonfigurative stilen nådde høgdepunktet sitt i den geometriske stilen til gresk vasmåleri, ca. 1000–700 f. Kr. med mellom anna meander- og bølgespiral-border. Den gamle egyptiske ornamentikken tok i tillegg til geometriske former i bruk ulike plantemotiv som lotus, papyrus og lilje, som blei vidareutvikla til rosett – lotus sett ovanfrå – og palmett. Desse motiva dannar grunnlag for planteornamentikken til middelhavskulturane. Dei blei tekne over og reindyrka av folk frå Det nære Austen, som òg tok opp nye motiv som livtsens tre, dobbelørna og griffen, som seinare kom inn i europeisk kunst.

I Hellas på 500- og 400-talet f. Kr. var mellom anna egyptiske og orientalske førebilete grunnlag for den strengt systematiske klassiske arkitektornamentikken som var fokusert om kapitél, listverk og toppen av bygningen. Dette var ei banebrytande utvikling, fordi stilen danna grunnlag for ornamentikken til romarane som i den seinare perioden var overdådig praktfull, og seinare klassisk-inspirerte stilartar som har brukt gresk-romerske til å henta akantus- og vinranker (maskaronar), girlanderar (festongar) m.m.

Muslimsk kultur[endre | endre wikiteksten]

I muslimske kulturar der all avbilding av skaparverket var forboden, blei det utvikla ein rik, overflatedekkande ornamentikk. Eit hovudmotiv her er arabesken, som er danna av stiliserte ranker og palmettar.

Europeisk kultur[endre | endre wikiteksten]

I Nord-Europa under folkvandringstida oppstod det ein særeigen ornamentikk med fantasirike, orientalsk inspirerte flettemønster, som den norrøne dyreornamentikken, som består av slingrande bandforma dyrekroppar. Han blomstra frå 400-talet og var framleis i bruk på runesteinar frå 1000-talet.

I mellomalderen kom klassiske, orientalske og germanske element i ein rikt variert stil med stiliserte ranker, løver og fantasidyr, framfor alt i den skulpterte dekoren i romanske kyrkjer, medan gotisk ornamentikk er meir elegant og livlega med masverk i vindaugsopningar, fialar, vimperg-gavlar m.m.

Renessansen med si dyrking av antikken tok særleg opp grotesk stil, inspirert av målt dekor i romerske palassruinar. Ei ny oppfinning i nordeuropeisk renessanse var rullverkornamentet, som etterlikna innrulla og oppbrutne kantar, og den våpenskjoldliknande kartusjen. Begge blei spreidde via nederlandske mønsterblad, som var ein anna viktig nyheit.

Barokken bygde vidare på formene til renessansen og gjorde dei tyngre og meir kraftfulle. Bruskornamentikk, som minner om ein øyremusling, var ei anna ny oppfinning. Denne forma hadde ikkje klassisk tilknyting og dominerte nordeuropeisk skulptert ornamentikk på 1600-talet.

Rokokkoen, som oppstod i Frankrike, vert forma av mjukt s-kurvande asymmetrisk ornamentikk, der den eigenarta rocaillen er eit gjennomgåande motiv. Nyklassisismen som kom etter gjenninførte symmetrien og tillét berre korrekt attgjevne antikke, helst greske ornament. Empiren, den siste fasen av nyantikken, tok òg opp egyptiske dekorasjonsformer, som sfinksar.

Etter stilgjentaking gjennom eit drygt halvt hundreår, med nygotikk, nyrenessanse osb., kom jugendstil eller art nouveau på 1890-talet med ein ny ornamentikk som var asymmetrisk og inspirert av planteriket. Jugendstilen var etterfølgd av det funksjonalistiske idealet, som bannlyste all påklistra dekor og hadde som mål å la form følgja funksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Opstad, Lauritz (9. oktober 2015). «ornamentikk». Store norske leksikon (på norsk). 

  • SAOB: "Ornamentik"
  • Bra Böckers lexikon, 1978