Samnangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°17′2.7204″N 5°37′27.527″E

Samnangerfjorden
Samnangerfjorden
LandFlag of Norway.svg Noreg
FylkeVestland
KommuneSamnanger, Bjørnafjorden
Plassering

Samnangerfjorden
60°19′0″ N 5°37′0″ E

Samnangerfjorden er ein fjordarm av Fusafjorden og Bjørnafjorden i kommunane Bjørnafjorden og Samnanger. Fjorden er om lag 22 km lang.

Fjorden har innlaup mellom Storholmen på enden av Bogøya i aust og grenda Gjemdal i vest. Aust for Storholmen ligg innlaupet til Ådlandsfjorden. Samnangerfjorden har stort sett retning mellom nord og nordaust. Ved Liodden, innanfor gardane Utskot og Våga, kløyver han seg i to delar. Den vestlege armen er sidefjorden Trengereidfjorden som går nord til Trengereid. Den austlege delen held fram vidare nordover som Samnangerfjorden og snur til slutt austover før han opnar seg opp til ein rundare fjordbotn. Her ligg kommunesenteret Tysse på den søraustlege sida, medan Nordbygda ligg i nordvest.