Hopp til innhald

Samnangervassdraget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sotafossane renn ut i Kvitingsvatnet.

Samanangervassdraget har eit nedbørsområde som omfattar den austlege delen av Samnanger og mindre delar av Vaksdal og Kvam. I nord grensar Samnangervassdraget mot Bergsdalsvassdraget, i aust grensar det mot Øystesevassdraget og Steinsdalsvassdraget. I vest grensar det mot fleire mindre vassdrag mellom anna Vaksdalsvassdraget og Aldalselvvassdraget.

Frølandselva (Eikedalselva), som er den eine hovuddelen av Samnangervassdraget, er varig verna mot kraftutbygging gjennom verneplan III i 1986. Denne elva har fleire større sideelvar og kjem ned i Frølandsvatnet (27 moh) frå Eikedalsvatnet (384 moh).

Frølandsvatnet renn ut i Tysseelva, som munnar ut i Samnangerfjorden.

Storelva, den andre hovuddelen av vassdraget, er den største av elvane, og har i dag (2010), medrekna sideelvane, seks regulerte vatn. Desse er:

  • Øvsta Dukavatnet (823,2 moh - 804,5 moh)
  • Nedsta Dukavatnet (799,2 moh – 778,4 moh)
  • Svartavatnet (625,9 moh - 580,9 moh)
  • Kvitingsvatnet (368,4 moh – 334,1 moh)
  • Grønsdalsvatnet ( 189 moh – 188 moh)
  • Fiskevatnet (178,3 moh – 172,7 moh)

Uregulerte vatn som også munnar ut i Storelva:

  • Kvanndalsvatnet 419 moh
  • Søyevatnet 747 moh
  • Herfangsvatnet 681 moh
  • Flatavatn 720 moh

Nedslagsfeltet totalt er kring 241 km², av dette er kring halvparten utnytta til kraftproduksjon.

Kraftverk i Samnangervassdraget (2009)
Kraftverk Slukeevne m³/s Effekt MW Fallhøgd m Middelproduksjon GWh
Kvittingen kraftverk 20 42 251 160
Grønsdal kraftverk 22 36 165 138
Myra kraftverk 20 3,7 20 10
Frøland kraftverk 20 21 151 138
Tysse kraftverk 12 20 19