Sanctuary Cliffs
Sanctuary Cliffs | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | James Ross-øyane | ||
- koordinatar | 64°27′S 57°12′W / 64.450°S 57.200°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sanctuary Cliffs 64°27′S 57°12′W / 64.45°S 57.2°W | |||
Sanctuary Cliffs er nokre klipper ved nordkanten av isen som dekkjer den sentrale delen av Snow Hill Island i James Ross-øyane. Dei vart oppdaga og kartlagt av Den svenske antarktisekspedisjonen i 1901–04, under Otto Nordenskjöld. Dei gav dei namnet «Mittelnunatak», truleg etter palsseringa midt på nordkysten av øya. Etter landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1952 vart det rapportert at «cliffs» var meir høvande enn «nunatak». Sidan ordet «Middle» er nytta i fleire andre stadnamn i Antarktis, tilrådde UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) eit heilt nytt namn for staden. Sanctuary Cliffs er skildrande fordi klippene gjev ly frå den rådande sørvestlege vinden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sanctuary Cliffs» (innhald frå Geographic Names Information System).