Snow Hill Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 64°28′S 57°12′W
Snow Hill Island
øy
Snow.Hill.Is.Jan99.jpeg
Snow Hill Island, januar 1999
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe James Ross-øyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 64°28′S 57°12′W
Lengd 32 km
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Snow Hill Island is located in Antarktis
Snow Hill Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Snow Hill Island

Snow Hill Island er ei nesten heilt snødekt øy utanfor austkysten av Den antarktiske halvøya. Ho er 32 km lang og 10 km brei. Mellom øya og James Ross Island i nordaust ligg Admiralty Sound. Ho er ei av fleire øyar kring Graham Land, som ligg nærare Sør-Amerika enn nokon annan del av kontinentet.[1]

Ho vart oppdaga 6. januar 1843 av ein britisk ekspedisjon under James Clark Ross, som trudde øya var ein del av fastlandet og kalla ho Snow Hill. Det vart oppdaga at ho var ei øy i 1902 av Den svenske antarktiskekspedisjonen under Otto Nordenskiöld, som overvintra i området frå 1901 til 1903 og nyttar ho som base for å utforske naboyane og Nordenskjold Coast på Den antarktiske halvøya.

Restane av trehytta som ekspedisjonen nytta under overvintringa er i dag ein av historiske stader og kulturminne i Antarktis verna under Antarktistraktaten.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Snow Hill Island» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2012.
  • Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, pp. 152–159..
  • Child, Jack. Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum. New York: Praeger Publishers, 1988, pp. 69, 72.
  • Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996, 307.
  • Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), p 931,
  • U.S. National Science Foundation, Geographic Names of the Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980,
  1. ESA Science & Technology: Graham Land
  2. Stonehouse, Bernard. Encyclopedia of Antarkter eind the Sørishavets, John Wiley and Sons, 2002. ISBN 0-471-98665-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Snow Hill Island» (innhald frå Geographic Names Information System).