Sanctus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 1. mai 2010 kl. 14:36 av TXiKiBoT (diskusjon | bidrag) (robot la til: no:Sanctus)

Sanctus, latin for heilag, er eit liturgisk ledd i den kristne messa, ofte det mest høgtidlege.

Teksten er henta frå lovsongen serafane song til Gud i tempelet i Jerusalem [1] og frå lovsongen folket i Jerusalem hylla Jesus med då han reid inn i byen den fyrste palmesundagen. (Matteusevangeliet 21.9[2]; Markusevangeliet 11.9-10[3]; Johannesevangeliet 12.13[4]).

Sanctus er òg namnet på dei små klokkene som blant anna vert bruka ved katolske messer.

Tekst

Teksten lyder på latin:
Sanctus, Sanctus, Sanctus,
Dominus Deus Sabaoth;
pleni sunt coeli et terra gloria tua.
Hosanna in excelsis.
Benedictus, qui venit in nomine Domini.
Hosanna in excelsis.

I norsk omsetjing lyder han:[5]

Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot,
all jorda er full av hans herlegdom.
Hosianna i det høgste.
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.
Hosianna i det høgste.

Det er skrive mange melodiar til Sanctus. Melodiane kan variere gjennom kyrkjeåret.

Referansar