Sander Berge
|
Berge med det norske landslaget i 2025. | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Sander Gard Bolin Berge | ||
| Fødselsdato | 14. februar 1998 (28 år)[1] | ||
| Fødestad | Bærum | ||
| Høgd | 1,95 m[2] | ||
| Posisjon | Midtbandespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Fulham | ||
| Nummer | 16 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| Asker | |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2013–2014 | Asker | 8 | (0) |
| 2015–2017 | Vålerenga | 36 | (0) |
| 2017–2020 | Genk | 84 | (4) |
| 2020–2023 | Sheffield United | 97 | (13) |
| 2023–2024 | Burnley | 37 | (1) |
| 2024– | Fulham | 62 | (0) |
| Landslag‡ | |||
| 2013 | Noreg U15 | 4 | (1) |
| 2014 | Noreg U16 | 8 | (4) |
| 2015 | Noreg U17 | 4 | (0) |
| 2015–2016 | Noreg U18 | 6 | (0) |
| 2016 | Noreg U19 | 1 | (0) |
| 2016 | Noreg U21 | 2 | (0) |
| 2017– | Noreg | 63 | (1) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17:04, 21. mars 2026 (UTC) ‡ Landslagsmål oppdatert 28. mars 2026 | |||
Sander Gard Bolin Berge (fødd 14. februar 1998) er ein norsk fotballspelar frå Bærum. Han er midtbanespelar og gjer sidan 2024 teneste i den engelske fotballklubben Fulham FC.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Berge seriedebuterte med Asker Skiklubb i 2013, eit lag på nivå 3 i seriesystemet. Sesongane 2015 og -16 spelte han for Vålerenga i den norske toppserien. Frå januar 2017 til januar 2020 var han aktiv i den belgiske klubben KRC Genk. Her var han med på å verte ligameister i 2019. Deretter spelte han for engelske Sheffield United, eit lag som spelte i Premier League, for så rykke ned og direkte opp att. 2023/24-sesongen var han Burnley-spelar. I august 2024 skreiv han kontrakt med Fulham FC, enno eit Premier League-lag.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Frå landslagsdebuten mot Nord-Irland i Belfast i mars 2017 har Berge pr. 1. april 2026 delteke i 64 av Noregs landskampar. Han har skåra eitt landslagmål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sander Berge: Overview». ESPN. Henta 16. februar 2020.
- ↑ «Sander Berge: Overview». Premier League. Henta 16. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Sander Berge» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2020.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |