Sandie Richards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandie Richards
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 6. november 1968 (55 år)
Clarendon Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 1994

Utmerkingar

Jamaicaordenen

Sandie Richards (fødd 6. november 1968) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som i 2001 vann VM-gull med Jamaica sitt stafettlag på 4 x 400 meter.

Richards deltok i ei rekke store meisterskapstevlingar frå VM i friidrett 1987 til Sommar-OL 2004. Medaljesankinga tok til med bronsemedalje på 400 meter i VM i friidrett 1993. Fire år seinare sprang ho livsbeste 49,79 sekund då ho sikra seg sølvmedaljen i VM i friidrett 1997 i Aten, to hundredels bakom vinnaren Cathy Freeman. I den same meisterskapen var Richards ankerkvinne på Jamaica sitt bronselag i 4 x 400 meter stafett. Under dei olympiske leikane i Sydney tok ho og Jamaica sølv på den lange stafetten. Høgdepunktet kom ved VM i friidrett 2001 i Edmonton, Richards sprang startetappen då Jamaica vann ein klar stafett-siger framom Tyskland. Både i VM i friidrett 2003 og Sommar-OL 2004 lukkast Richards å komplettere medaljesamlinga med bronsemedaljar i 4 x 400 m stafett.

Richards vann 400-meteren i hall-VM 1993 og hall-VM 2001.

Ho må ikkje forvekslast med Sanya Richards.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]