Sandnes i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandnes
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 6[2][3]

Sandnes er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 6.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tunet på Sandnes ligg på midt på vestsida av Skifjorden sin nordarm. Utmarka strekkjer seg sørover og vestover rundt neset til grensa mot Bordvika, og nordover til kommunegrensa mot Fjaler kommune og til Seljevoll.[3] Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har truleg vore gardsdrift på Sandnes sidan tidleg i mellomalderen, og garden var truleg odelsgods i gammal tid.[3] I skattematrikkelen frå 1647 er garden lista som audegard.[5] Frå 1618 til 1660-åra var Sandnes krongods. I 1660-åra kom han under Svanegodset og var det til ca. 1727. Så var garden eigd av ulike eigarar fram til brukarane vart sjølveigande i 1891 og 1908. I 1858 vart garden skilt i to bruk, før det hadde han vore einbølt. Det har ikkje vore husmannsplassar på Sandnes.[3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

I kjeldene er namnet skrive «Sandness» (NRJ. II 140), «Sundenes» (1563), «Sanndness» (1567), «Sandnes» (1603, 1608 og 1667).[6]

Sandnes er eit svært vanleg stadnamn, og det er brukt mange stader over heile landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Sandnes» i 1986.[7]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 21. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 21. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Sandnes : Gnr. 6». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 49. ISBN 8299219817. 
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)».  Vitja 21. november 2010
  5. Rolf Fladeby og Liv Marthinsen, red. (1977). «Sunnfjord futedøme : Ascheuolds schibred : Øns sogen : Ødegaarde : Sandnes». Norsk lokalhistorisk institutt : Skattematrikkelen 1647 XII SOGN OG FJORDANE FYLKE. Universitetsforlaget. s. 156. 
  6. «Oluf Rygh: «Sandnes» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». 
  7. «yr.no».  Vitja 21. november 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]