Sandra Perković

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandra Perković
Sandra Perković Doha 2015.jpg
Fødd 21. juni 1990
Zagreb
Yrke friidrettsutøvar, politikar
Sandra Perković på Commons

Sandra Perković (fødd 21. juni 1990) er ein kroatisk friidrettsutøvar som tevlar internasjonalt i diskoskasting og tidlegare også kulestøyt. Ho vart olympisk meister i øvinga i 2012 og verdsmeister i 2013. Perković har elles vunne diskosøvinga tre gongar på rad i europameisterskap i friidrett; 2010, 2012 og 2014. Då ho vart europameister i Zürich i 2014 sette ho landsrekord med 71,08 meter.

I 2011 var Perković utestengd frå idretten i seks månader grunna brot på dopingregelementet.[treng kjelde]

Perković tok gull i diskos under sommar-OL 2016.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2016 Summer Olympics - Athletes, Sandra Perkovic» (engelsk). ESPN - Medal Tracker. Arkivert frå originalen 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017. 
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.